Heile landet må førebu seg på byevêr dei neste dagane

Uansett kvar i landet ein er, blir det regnbyer dei neste dagane, varslar meteorologane. Dei høgaste sommartemperaturane blir det ikkje noko av.

Uansett kvar i landet ein er, blir det regnbyer dei neste dagane, varslar meteorologane. Dei høgaste sommartemperaturane blir det ikkje noko av.  Foto: Erling Wåge

Nye artikler

– Det er lågtrykk som pregar landet vårt no. Det er fleire lågtrykk som går rundt og rundt og flyttar på seg, så det er ikkje så lett å skildre vêret for dei neste dagane, seier vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen ved Meteorologisk institutt til NTB.