«Røvarhistorie frå Njåstad»

Dette lesarinnlegget er skrive av Ingrid Heggø, Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet 

Nye artikler

Dette lesarinnlegget er skrive av Ingrid Heggø, Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet

I Fjordenes Tidende den 9. oktober serverer Helge André Njåstad (FrP) ei røvarhistorie om kva parti som er på lag med havbrukskommunane. Dette kan eg ein del om, ettersom eg var fiskeripolitisk talsperson for Arbeidarpartiet i førre stortingsperiode. Sanninga er denne:

Det var Stortinget – ikkje Høgre/FrP-regjeringa – som i 2015 føreslo å opprette Havbruksfondet. Trass i gjentekne bestillingar frå Ap og Stortinget om å greie ut ordningar for å sikre havbrukskommunane gode, føreseielege inntekter, var ikkje dette med i regjeringa si stortingsmelding som vi då behandla. Stortinget fekk fondet på plass, og det har vist seg viktig. Kommunane har fått gode inntekter når det har vore vekst i næringa. Spesielt såg vi dette i 2018, men òg i år.

Det gjekk likevel tregt i starten, kommunane var utålmodige. I 2017 diskuterte Stortinget på ny produksjonsavgift , og Ap fekk fleirtal for ei produksjonsavgift på ubearbeida fisk som gjekk til eksport. Dette vart seinare avvist som umogleg å innføre av FrP og dei andre høgrepartia Og – etter ein lang u-sving om grunnrente – føreslo regjeringa denne våren å innføre nettopp produksjonsavgift.

Njåstad ønskjer kanskje å dra fokus bort frå at brorparten av inntektene frå Havbruksfondet no skal til staten, ikkje til kommunane, og at FrP har støtta dette. Saman med regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre har dei endra fordelingsnøkkelen, slik at 40 prosent skal gå til kommunane, ikkje 75 prosent som før. FrP og regjeringspartia har jamvel sørga for at kommunane ikkje eingong får behalde dei 75 prosenta i overgangsperioden fram til den produksjonsavgifta er på plass i 2021.

Arbeidarpartiet vil på si side sikre havbrukskommunane gode, stabile inntekter, næringa konkurransedyktige vilkår, og rom for dei små oppdrettarane. Vi vil òg stille krav til dei store selskapa om meir bearbeiding her heime. I Stortinget har vi levert mange framlegg for å sikre dette. Men der er det enn så lenge Njåstad og høgrepartia som har fleirtal.