Stein på over eit halvanna tonn smalt ned i vegen

På Stadlandet er fylkesveg 5750 stengt ved Dalsbøvatnet på grunn av eit ras som gjekk i natt og fare for nye ras. Klokka 09.50 søndag morgen forteller Vegtrafikksentralen Vest at vegen er open igjen etter ny vurdering.

På Stadlandet er fylkesveg 5750 stengt ved Dalsbøvatnet på grunn av eit ras som gjekk i natt og fare for nye ras. Klokka 09.50 søndag morgen forteller Vegtrafikksentralen Vest at vegen er open igjen etter ny vurdering.  Foto: Jon Frogner

Nye artikler

I natt, cirka rundt klokka halv, tre raste det ned stein langs vatnet. Det kom mellom anna ned ein stein på over eit halvanna tonn, opplyser Vegtrafikksentralen Vest.

Dei var bekymra for at det skulle kome meir, og tok ingen sjansar.

- Byggherren har derfor beslutta å stenge vegen. Det er sett opp bukkar i begge ender av dalen, sa Vegtrafikksentralen då.

Klokka 09.50 opplyser telefonvakta ved Vegtrafikksentralen i Vestland til Fjordenes Tidende at vegen no er open igjen.

- Det er byggherre og entreprenør som har hatt ei ny vurdering i området, og har vurdert det som trygt å opne vegen igjen.

Han kan bekrefte at det var snakk om ein stor stein, på halvtanna tonn som hadde kome ned. Men det har ikkje kome noko meir i løpet av natta.