Vil gå i dialog med nabokommunen for å sikre betre symjeopplæring

Elevane ved Stadlandet og Selje skule har nytta seg av bassenget på Åheim i Vanylven sidan dei ikkje har eige basseng i ytre delar av kommunen. No vil Stad gå i dialog for å auke talet timar dei får nytte nabokommunen sine fasilitetar.

  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nye artikler

– Kommunalsjef for oppvekst og opplæring går i dialog med Vanylven kommune om å halde bassenget på Åheim ope også etter nyttår. Kostnader knytt til dette vil bli innarbeidd i budsjettet for 2022, seier Alfred Bjørlo.