«Her føler vi oss regelrett svikta av partileiar»

Sidsel Kongsvik og og Nils Myklebust skriv på vegner av kommunestyregruppa og styret i Kinn SP at dei føler seg svikta med tanke på kva regjeringserklæringa seier om kommune- og fylkessamanslåingar.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nye artikler

Dette innlegget er skrive av Sidsel Kongsvik og Nils Myklebust for kommunestyregruppa og styret i Kinn Sp.

Regjeringserklæringa - kommentarar frå Kinn Senterparti

Kinn Senterparti er svært skuffa og rasande over at vi ikkje fekk igjennom Sp sitt krav om folkerøysting kring kommune- og fylkessamanslåingar.

Her føler vi oss regelrett svikta av leiar, både med omsyn til kva som står i programmet og kva som leiaren sa i valkampen gjentekne gongar.

Kinn Sp kan ikkje akseptere at grunnleggande demokratiske rettar vert sette til side. Folket skulle høyrast før ei kommunesamanslåing, kva er hensikta dersom politikarane ikkje lyttar til soleklare råd?

Sjølv om regjeringa slår fast at regjeringa vil oppløyse tvangssamanslåtte kommunar og fylkeskommunar som sender søknad om dette etter vedtak i kommunestyre/fylkesstyre innan 1. juli 2022, gjev ikkje Kinn Sp opp kampen for å få fram folkeviljen.

Vi vil bruke tida framover til å sjå på kva mogelegheiter vi har, og vil bruke våre kontaktar på stortinget og i regjeringa aktivt.

Det er eit paradoks at påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre opnar pressekonferansen onsdag med at dette skal vere ei regjering som skal lytte til folk, for så i disse sakene ikkje ville lytte til folk gjennom ei folkerøysting i denne viktige saka her.

Dette er vi ueinige i, og beklagar dette. Vi meiner at regionsreforma er ei så viktig sak at her må vi lytte til folket. Det har Kinn Sp gjort og vil fortsette å gjere.

Datoen som er sett til 01.07.22 ser vi ikkje på som nokon endeleg dato. Her kan vi vise til kor mange gongar «siste-frist»-datoen for kommunesamanslåinga vart endra

Kinn Senterparti er ellers stort sett nøgde med regjeringserklæringa. Vi ser ein klar distriktsvenleg profil, med mellom anna fokus på beredskap nær folk, breiband til alle og gratis ferje og hurtigbåtar der andre alternativ ikkje finnast. Dette hadde ikkje vore mogeleg utan Senterpartiet.

Vi ser også nå stimulansar til å oppretthalde ein differensiert skulestruktur som ikkje har vore før, vi håper no at dei nedleggingstruga skulane i Kinn vert oppretthaldne og bygdene kan få utvikle seg som gode buområde, mellom anna gjennom bygdevekstavtalar.

Kinn Sp vil fortsette kampen for at folket skal få seie si meining i saka om reversering av kommunen, og i andre saker.

Kinn Sp har vore tydelege heile vegen på at vi vil respektere folkeviljen. Vi vil fortsette å tale denne saka så lenge der er eit klart fleirtal for ei oppløysing av Kinn kommune blant befolkninga i tidlegare Flora eller Vågsøy.