Har plukka artistar frå øverste hylle, og startar med denne duoen

Utstyrt med eit bandbudsjett på mellom 1 og 2 millionar har Strandfestivalen plukka frå øvste hylle og etter eiga prioriteringsliste for neste års festival. – Relativt greitt for eit lita bygd, det, smiler Kent Rune Bugjerde i styret.

Han er godt fornøgd med å kunne sleppe det første namnet frå neste års lineup til Strandfestivalen – nemleg ei av Norges store supergrupper: Madcon.  Foto: Ida Bjørvik

Nye artikler

Han er godt fornøgd med å kunne sleppe det første namnet frå neste års lineup til Strandfestivalen Refvik – nemleg ei av Norges store supergrupper: Madcon.

Gruppa har gitt ut seks album og fleire singlar. Dei har vunne seks spellemannprisar og ein World Music Award. Den humørfylte duoen er også kjende frå TV der Tshawe Baqwa var med på 71 grader nord kjendis og Yosef Wolde-Mariam snart kjem igjen som mentor på The Voice.

– Dette er to folkekjære artistar som eg trur kjem til å lage fantastisk liv og røre på fredagskvelden, smiler Bugjerde.

– Eg må seie eg gler meg. Vi føler vi kjenner gutta i Madcon, seier Eva Marie Pleym som også er i styret.

– Dette er to folkekjære artistar som eg trur kjem til å lage fantastisk liv og røre på fredagskvelden, smiler Kent Rune Bugjerde og får støtte av styrekollega Eva Marie Pleym.  

Trang Fødsel var overveldet av både plassen og publikum

– Tenk at vi er så heldige å få spille på en plass som dette

Strandfestivalen i Refvik hadde full klaff med været under lørdagens kveldskonsert med Andrea Santiago og Trang Fødsel. – Tenk at vi er så heldige å få spille på en plass som dette, sa vokalist Hans Petter Aaserud.


Skal gjere det spennande

Etter eit par underlege koronaår kan styret i Strandfestivalen Refvik nesten ikkje vente med å avsløre neste års lineup. Men det skal dei – i alle fall litt.

– Vi har som vanleg lyst å gjere det litt spennande, så vi har starta ein konkurranse i sosiale medium som handlar om å gjette artistane basert på hint som vi kjem med. Vi starta med Madcon no, og så vil artistane vil bli avslørt ein etter ein i Fjordenes Tidende i avisene framover, seier Bugjerde.

Billettsalet startar 10. desember.


Bildeserie Thomase

Det var stor stemning da Andrea Santiago og Trang Fødsel spilte for små og store på moloen i Refvik lørdag. 


Ein feelgood festival

Etter nokre år med festival har styret god kontroll på kva publikum ønsker seg, og artistrekka er sett saman utifrå det.

– Vi er ein feelgood festival, som må ha feelgood band. Eg trur vi har treft utruleg godt i år. Eg spår ei ny magisk helg i Refvik og har booka inn 25 grader begge dagar, seier Bugjerde.

Heile lineupen er så godt som på plass, og klar for helga 8. og 9. juli neste år.


Sigmund er 90 år og går tur til moloen kvar dag: – Utsikta mot havet gjer meg veldig glad

Sigmund Refvik (90) går tur til moloen i Refvik kvar dag. 90-åringen trur det er den viktigaste grunnen til at han framleis er så sprek.


– Vi har booka inn utruleg spennande band og artistar. Vi har noko for barna, dyktige lokale artistar, store landskjende band og eg trur vi kan skryte på oss at vi snusar litt på det internasjonale også. Vi visste kven vi måtte booke med ein gang og følgde tidleg opp. Så vi har stort sett fått booka dei vi ønskte oss, seier Bugjerde.

– Kvart år tenker vi at det ikkje kan bli betre, men så blir det det. 2022 blir heilt fantastisk. Madcon og fleire kjem til å sette fyr på fredagen, og laurdagen blir prega av store gode artistar. Store namn vi er skikkeleg kry over, og ein lineup vi trur andre vil misunne oss. Og så har vi eit flott opplegg på Strandfestivalen Junior, seier Pleym.

Rosar dei frivillige og publikum

Alle gler seg til festival igjen, fortel Bugjerde.

– Vi har klart å gjennomføre minifestivalar i dei har åra som har gått, og fått litt aktivitet gjennom det. Men no blir det jo utruleg kjekt for publikum – og ikkje minst oss sjølve – å kunne arrangere ein fullskala festival igjen. Vi skal tilbake på bana og vi skal tilbake på festivalområdet.

Han vil gjerne rose frivillige og sponsorar.

– Dei gler seg til å vere med og arrangere igjen. Utan frivillige, sponsorar og publikum, ingen festival. Dei er våre viktigaste ressursar og vi er heilt avhengige av dei, seier Bugjerde, som peikar på at Strandfestivalen handlar om å vidareutvikle bygda og gi tilbake.

No håpar han publikum gler seg til neste sommar like mykje som han sjølv:

– Billettar til Strandfestivalen er den perfekte julegåva til dei som har alt. Det er ei oppleving uansett alder. Med familien eller gode venner. Eller som barn, ungdom, vaksen og eldre. Og vi ser jo også at det har blitt ei slags tilbake til røtene-oppleving. Mange har flytta vekk, men heim til Strandfestivalen skal dei, seier Bugjerde og legg til:

– Så no er det berre å finne fram kalenderen, sette kryss og sette av datoane!