Dagens ansikt:

– Meininga med livet er å leve og oppleve mest mogleg

Dagens ansikt

Namn: Torbjørg Lefdal

Alder: 68 år

Sivilstand: gift, tre vaksne born

Yrke: pensjonist

Bustad: Lefdal, Eid kommune

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av at dei rundt meg og næraste familie skal ha det godt.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida mi hjelp eg andre. Som pensjonist har eg berre fritid.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar alle som gjer ein innsats i frivillig arbeid for barn og unge år etter år, og aldri klagar.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Som ordførar for ein dag er det ikkje mykje eg hadde fått gjort, men eg ville starta med å setje meg inn i alle kommunale oppgåver og helst på alle dei tilsette.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Første gong eg var på opera på Eid. Det var så overveldande at eg måtte klype meg i armen og lurte på om eg verkeleg var på Eid.

– Kva har du på nattbordet?

– Der har eg ei bok og lesebriller, samt ein boks handkrem.

– Kva er meininga med livet?

– Det må vere å leve og oppleve mest mogleg av det som skjer i verda.