Kinn kommune – kva no?

No skal ein vere forsiktig med å førespegle kva ei folkerøysting vil ende i, men vi tek utgangspunkt i ei eventuelle deling.

Det som er bra denne gongen er at dei fleste partia har sagt at dei vil respektere resultatet, det skulle berre mangle. Litt må ein ha lært om ikkje anna.

Det vert hevda at dette kjem til å koste mykje pengar, kvar har ein dei tala frå? Dersom det vert deling så råkar det ikkje så mange. Dei som vert råka er 15–20 stillingar i toppen.

Lærarar, rektorar, sjukepleiarar og anna personell vil ha sine oppgåver der dei er i dag. Så ikkje høyr på denne skremselspropagandaen som dei som er for Kinn prøver å skape inntrykk av, for dei 1.600 tilsette.

Der er to selskap som ikkje Flora nytta før, Nomil og Nordfjordnett. Ønskjer Flora å fortsette med det så vil ei skilsmisse ikkje ha nokon betydning, vil dei ikkje, så må dei finne andre løysingar.

Det som har gjort Kinn kommune svært dyr å drive både administrativt og politisk har med den lange avstanden å gjere. Ser ein på kva kostnaden med å drive Kinn kommune samanlikna med Flora og Vågsøy kvar for seg så er den formidabel og har auka i størrelse 25 til 30 millionar kroner årleg. Skulle ein ikkje spare pengar på å slå seg saman nettopp på disse områda?

Kva er så noko av årsaka? Både Flora og Vågsøy hadde mesteparten av sine politiske møter på ettermiddag og kveld, der var såleis avgrensa kor mykje som måtte betalast ut i tapt arbeidsforteneste og ikkje minst reiser.

For administrasjonen så er problemstillinga noko annleis, sjølv om der er likskapstrekk. Det å reise ein masse att og fram med båt mellom Flora og Måløy og har sine kostnader og tap av arbeidstid som må kompenserast. Desse kostnadane vil ein spare i stor grad om ein vert delt opp.

Der er stort behov for nye sjukeheimsplassar i Flora og eg synest at det er rart at leiande politikarar, inkludert ordførar, ikkje har hatt større fokus på dette. I Vågsøy så er det Skram skole som vil krevje mykje.

Samla har Kinn ei alt for høg gjeld, noko vi i Senterpartiet har åtvara mot gong etter gong. 2,8 milliardar kroner i gjeld vert råka av siste rentehevinga med 14 millionar kroner, der er rett nok noko av gjelda som har fast rente, men det varer ikkje så lenge. Kjem der ei ny renteauke 1-1,5 prosent vil dette ytterlegare forverre situasjonen, dette vil uansett Vågsøy eller Flora verte tyngande og vil merkast godt på økonomien. Og då treng ein disse innsparingane som ein kan oppnå med reduserte kostnader.

I siste kommunestyre så vart det retta søkelyset på godtgjersla til enkelte politikarar. Det kan vere nyttig å få avklara om dette er rettmessig eller ikkje. Rett skal vere rett.

Det vert hevda at ein av grunnane til at ein kom så mykje betre ut for Vågsøy med å slå seg saman var at Flora hadde ei så god planavdeling med mykje ressursar, men kva er levert for Vågsøy sin del?

Kvar har det blitt av arealplanen for Vågsøy, den er i alle fall ikkje komme innbyggjarane eller politikarane til del 2,5 år etter samanslåinga. Plan og byggesak i tidlegare Vågsøy var for lite bemanna, dette var der tverrpolitisk einigheit om, men rådmannen streta imot dessverre. Men dette må ein kunne finne ei løysing på. Kva løysinga vil bli må dei nye politikarane finne ut av.

Så har vi saka om kjøkkenet i Måløy. Der ser vi no at leiaren av Bordgleder har gått ut med at tilsette får sjikanerande telefonar. Dette er ikkje akseptabelt om så er tilfelle. Men i årsmeldinga til Bordgleder så står der ingen ting om dette, kvifor ikkje, dersom dette har noko omfang?

Eg sjølv har ikkje kommentert kvaliteten på maten i noko høve, dette fordi eg ikkje har føresetnad for å meine noko om dette temaet. Det er det andre som har som har betre kjennskap til.

Det eg kritiserte som utanforståande var kommunedirektøren sitt reknestykke for innsparingar. Dei hang kort og godt ikkje på greip og det viste seg å stemme, likevel vart dette trumfa igjennom. Med på det var også Jacob Nødseth sjølv om han var rasande på måten Bordgleder vart involverte. Kvifor stemte du ikkje imot Nødseth, du kunne no ha stoppa det?

Tek ein også med ordføraren si behandling av varaordføraren våren 2020, med endeleg vedtak desember 2020 – snakk om dumme seg ut for heile landet.

Ville dette skjedd om det var ein mann frå Flora? Neppe.

Dette er nok noko unikt i landssamanheng og vert ståande som skamma sitt vedtak i historisk perspektiv.

No har fleirtalet i Kinn kommunestyre vedteke å halde ei folkerøysting. No er det viktigare enn nokon gong å nytte røysteretten.

Så vert det spennande kva rapporten som BDO skal lage, inneheld. Dei har laga to rapportar før denne. Dei to har blitt kritisert for at dei ikkje var nøytrale, spesielt den for Ålesund, som nærmast var eit forsvar for å behalde Ålesund, ikkje over kva Haram hadde å tene på dette. Eg er skeptisk. Så vi får vente til Statsforvaltaren har sagt sitt.

Likevel så stemte 72 prosent av Harams innbyggjarar for ei lausriving.

Det blir også spennande å sjå om Statsforvaltaren har endra syn på Kinn. Sist han vart beden om å meine noko så frårådde han med god grunn samanslåinga.

Vi kan ikkje love gull og grøne skogar om det vert ei deling, men nærleik mellom politikarane og innbyggjarane vil bli heilt annleis og dei vil ha mykje større kjennskap til dei områda det gjeld, i dag er dette eit stort minus.

Alle bli no inviterte til både førehandsrøysting og sjølve folkerøysting 1. september i dei vanlege krinsane. Førehandsrøystene blir ein del av kvart sitt område, Flora og Vågsøy, og vert dermed med på å vise kva innbyggjarane meiner.

Det å ikkje nytte seg av røysteretten, men i ettertid klage på resultatet, blir som at du blir invitert til middag der dei har brun saus og du ikkje møter opp, men klagar på sausen i ettertid.

Lukke til og god sommar.