Innspel til Stad Kommune sitt vedtak om etablering av stilling som skulehagepedagog

På kommunestyremøte 15.12.23 vart det vedteke med klart fleirtal at Stad Kommune er positive til å freiste å få på plass ein skulehagepedagog i løpet av 2024. Men midlane til dette må ein finne innanfor budsjett for integrering eller søkje øyremerka prosjektmidlar til dette.

På vegner av Stad SV vil eg påpeike at dette vedtaket er noko diffust i formuleringane og at det ligg an til at heile tiltaket ikkje vil bli den styrkinga av integreringssektoren i Stad Kommune som bør ligge til grunn for vedtaket.

At «Stad kommune er positive til å freiste» gir ingen forpliktingar frå kommunen si side og dermed inga føreseielegheit for dei som jobbar med integrering og oppbygging av skulehagar i kommunen no. Dette er langsiktige prosessar som krev mykje arbeid og planlegging. Drifting av slike prosjekt er krevjande og det er viktig at kommunen er tydelege på om dei vil bidra med noko i dette arbeidet eller ikkje.

Å omdisponere integreringsmidlane, vil ikkje oppfattast som ei styrking av integreringsarbeidet i kommunen. Stad Kommune mottek kvart år store summar i integreringsmidlar. Desse midlane går rett inn i Stad Kommune sitt totale årsbudsjett. Deretter fordelast det etter budsjett for grunnskular, barnehagar, helsestasjon og til introduksjonsprogram og norskopplæring. Resten av midlane blir brukt på «styrking av andre kommunale tenester» som kjem alle innbyggjarane til gode. Vere seg dekking av underskot, asfaltering av vegar eller anna infrastruktur. Det er snakk om mange millionar som kommunen burde bruke på tiltak som kan hjelpe og styrke integreringsarbeidet i kommunen. Men sidan midlane ikkje er øyremerka, går dei dessverre inn i det store sluket.

Om ei skulehagepedagogstilling skal finansierast av dei eksisterande ressursane innan opplæring og integrering, vil dette gå på kostnad av svært naudsynte stillingar som programrådgjevarar, miljøterapeutar og lærarar. Flyktningane som blir busette treng all den rettleiing og hjelp dei kan få og ein kan ikkje svekke det allereie eksisterande tilbodet.

Ei stilling som skulehagepedagog vil styrkje det gode integreringsarbeidet i kommunen, og vil bidra med å drifte gode prosjekt som har kome langt i Stad Kommune, takka vere frivillig innsats. Eg håpar Stad Kommune er villige til å ta ansvaret som vertskommune for flyktningane vi buset her, og set av integreringsmidlar til å styrke det viktige arbeidet vi tek på oss. Ikkje berre syte for det vi har plikt til, men å utvide budsjettet til integrering og opplæring med integreringsmidlar som kan nyttast til viktige integreringstiltak utover dette.