Den takk vi vert gitt

Bernhard Severin Ingemann skreiv i 1822 ein salme som startar med

« Fred hviler over land og by,

ei verden larmer mer

fro smiler månen til sin sky

til stjerne stjerne ser»

Det var skrive for å gi håp og spreie glede. Det same kan man seie om situasjonen vi står i, her i Stad kommune. Det politiske miljø spreidde bodskap om at vi vil, vi kan og vi skal klare, nær sagt alt. Hausten har vist oss noko anna. Men tida inn mot jul, der håp, glede og kjærleik er sjølve bodskapen fleire tusen år bak i tid, gav oss ei påminning om den makt som vil noko anna.

Ingemann skriv videre;

«Det er så stille og så tyst

I himmel og på jord,

Vær også stille i mitt bryst,

Du flyktning som der bor»

Det viser til fredsmotiv, og at vi alle er flyktningar og framande her på jorda. Men bodskapen vart ikkje oppfatta her, vi skal ikkje gi husly til dei som treng det.

Ikkje her vi bur.

Det vert kanskje litt rart å samanlikne det politiske miljø her, og i Norge og verda med nokre linjer i ein salme. Men ser ein på stoda i samfunnet der inntrykket frå dei som styrer er at vi må alle ofre noko for at det skal bli betre, så ser ein fort at dei som styrer tenkjer mest på eigen vinst.

Det vi ser her i Stad kommune, er trekløveret som er tillitsvalde for alle, Sp, Ap og Høgre, som viser makt og vilje som ikkje samrår med det folket vil. Dei spreier ikkje fredsbodskap og glede, men fortviling og sorg.

Samarbeid om gode løysingar har vore bodskapen opposisjonen har fått frå trekløveret og administrasjonen. Men når bodskapen berre er meint å få alle til å tru på det dei seier, vert det lite truverdig.

Bjørnstjerne Bjørnson sa;

Den største mann på jorden,

Må pleie barnet i sitt bryst.

Og lytte selv i torden,

Til barnets spede røst.

Bodskapen er at den makta som vert gitt, ikkje berre er styrke og lidenskap, men og klokskap og omsorg for fleire enn ein sjølv.

Med håp om ei god jul, og godt år.