Får dei eldre nok merksemd og påverknad i valet?

Om svaret er ja eller nei, kjem nok litt an på kven som svarar. Eg vil seie at i Stad Venstre har vi fleire heilt avgjerande ressursar i lokallaget med lang erfaring og mykje kunnskap.

For å seie det slik, vi er so utruleg heldige å ha med oss pensjonistar i alle aldre, til dømes Siv Langøen Rotevatn, Anne-Britt Andersen, Johan Kroken og Gunvald Ludvigsen. Fleire kunne med fordel vert nemnde. Dei legg alle ned ein stor frivillig innsats, og tek mykje ansvar. Gjennom innsatsen sin får dei påverknad på samfunnsutviklinga.

Sjølv om eg statistisk sett er om lag midt i livet, gjer politikken at eg får samarbeide med eldre i lokallaget kvar dag. Noko av det som kjenneteiknar dei eldre som eg har mykje å gjere med, er kor lite opptekne dei er av seg sjølve. Dei er mest opptekne av å vere med på utvikle verda i ei berekraftig retning, med utgangspunkt i vårt eiga lokalsamfunn i Stad kommune og Nordfjord. Dei fortener stor respekt.

Venstre har so klart ein politikk som varetek interessane til dei eldre, og behova for alderdomen. Folk ynskjer å bu heime lengst mogleg, og vil få omsorg i nærleiken av heimstaden når det vert naudsynt. Det er viktig at dei som jobbar i helse og omsorg har fagleg kompetanse, og får nok tid og ressursar til å levere tenester av høg kvalitet. Ein kan lese meir om dette i valprogrammet vårt.

Årsaka til at vi kanskje ikkje snakkar så mykje om dei eldre i Venstre, er at dei eldre i lokallaget er opptekne av mange forskjellige sakar. Dei er opptekne av korleis vi skal skape verdiar i kommunen med eit sterkt næringsliv, som gjer at alle kan få gode tenester. Dei vil at alle skal kunne leve gode liv i Stad kommune.

Dei engasjerar seg i klima, natur og miljø. Dei vil ha eit sterkt kommunesenter på Nordfjordeid. Dei vil ha tilflytting, slik at bygdene vert grøne, levande lokalsamfunn. Dei vil at dei unge skal få ein god oppvekst med gode skular, barnehagar, med mykje fritidsaktivitetar. Dei vil ha eit rikt kulturliv og at idretten gjer det godt. Dei vil skape nye arbeidsplassar. Dei vil at dei som treng hjelp skal få det. Dei vil ha fleire unge med i politikken. Dei vil mykje, og dei nyttar tid og kreftar på å ta Stad kommune framover.

Eg vil takke dei eldre både for innsatsen og støtta. Utan dei ville Stad kommune ha stått langt svakare. Det er mykje takka vere dei, at vi kan få til så mykje i lag.