Utvid reguleringsplanen for Lesto Næringsområde mens det enno er tid 

Kostnadskutt

Skipstunnelen er vedteken utbygd, men prisauke set prosjektet i fare. Kort massetransport, totalt cirka 5,5 mill. m³, er eitt av få verkemiddel for å halde kostnadane nede. Det er difor gledeleg at Kystverket ser ut til å få nytte store køyretøy på fylkesvegen til føremålet.

Det er forventa at cirka 50 prosent av massane vert tekne ut på kvar side av tunnelen. I Kjøde vil eit slikt løyve gje full positiv effekt. I Moldefjorden stiller saka seg annleis. Her er det lagt opp til at deler av steinen skal nyttast til opparbeiding av eit næringsareal på sjøfylling i Lesto-vika. Utfordringa er å få fyllinga tilpassa tunnelprosjektet sitt behov for kort transport.

Gjeldande arealplan tillèt ei fylling med cirka 1.9 mill. m³ masse, noko som vil gje nytt næringsareal på cirka. 80 da. Pågåande reguleringsprosess legg opp til eit areal på 36 da og bruk av 525 tusen m³ stein. Kvifor ei slik løysing vert valt er vanskeleg å forstå, men svaret finn ein nok i grunngjevinga for reguleringsframlegget:

– At arealet er vurdert i størrelse som kommunen treng,

– Minst forbruk av masser pr. dekar areal.

– Tek i vare nødvendig sikker mot skred.

Her synest fokuset å vere bruk av minst mogleg tunnelmasse. Kva opparbeidd areal skal nyttast til er neglisjert. Konsekvensen er at tunnelen vert unødvendig dyr og næringsarealet lite tenleg.

Kystverket har løyve til å dumpe all masse frå tunnelen på botnen av Moldefjorden cirka 3 km lenger ute. Med eit slikt val vil moglegheitene for gjenbruk vere tapt for alltid. Vi kjenner òg til aktiviteten med å nytte tunnelmassar til nye prosjekt i næringspressa Måløy/Raudeberg-området. Begge er høgst reelle, men kostnadsdrivande alternativ samanlikna med ei stor fylling nær tunnelopninga. Pågåande reguleringsprosess må difor legge opp til mest mogleg masse vert brukt på ein samfunnsmessig god måte i Lesto-vika.

Prosessen

Før samanslåinga hadde Selje kommune over mange år arbeidd med planar om etablering av eit næringsområde med djupvasskai og fiskerihamn i Lesto-vika. Kystverket bad om at prosjektet vart sett på hald for koordinasjon med framdrifta til skipstunnelen.

Eg meiner kommuneleiinga i Stad heile tida har vist motstand mot dette prosjektet. Men med sterk påverknad utanfrå har politikarane pressa administrasjonen til å legge til rette for eit slikt anlegg. Gjennomslaget kom då Kystverket signaliserte at dei trong arealet til riggområde nær tunnelopninga i anleggsperioden og inngjekk ei avtale med kommunen om opparbeiding av eit areal i Lesto-vika.

Planarbeidet vart sett i gong utan synleg målsetning, plan eller strategi for kva området skal nyttast til. Heller ikkje er det teke omsyn til etterspørsel og framtidige brukarar sine behov. Organiseringa av prosjektet er òg uklar. Kystverket utarbeider reguleringsplanen i tett dialog med kommunen. Ansvar for utvikling av området er plassert hos Stad Energi og Eigedomsutvikling, eit selskap, meiner eg, med tett kontakt med kommuneleiinga og utan tilknyting til området. Ein lite gunstig konstellasjon for å etablere eit funksjonelt og framtidsretta næringsområde som verkemiddel for å snu den negative situasjonen på ytre/søre. Det er òg grunn til å setje fokus på den trege framdrifta på planprosessen. Den osa ikkje av verken entusiasme eller iver.

Reguleringsplanen har vore ute til 2. gongs høyring og arbeidet er inne i sluttfasen. Det ligg føre fleire skriftlege merknader som peikar på svakheiter med planforslaget og forslag til forbetringar. Synspunkta er òg drøfta i møte med personar i kommuneleiinga, noverande ordførar og andre sentrale politikarar. Dessverre ser det i mine auge ut til at slike innspel vert neglisjerte. Det er difor nærliggjande å stille spørsmål til både kommunen si målsetning med dette tiltaket og verdien av å engasjere seg i slike plansaker.

At kommuneleiinga verkar å ikkje ta grunngjevne innspel på alvor, kan lett oppfattast som endå ei nedprioritering av prosjekt som kan løfte denne delen av kommunen. Om årsaka er ei bevisste vurderingar, manglande forståing av situasjonen eller likegyldigheit er uvesentleg. Konsekvensane er like negative.

No gjeld det å få vedteke ein reguleringsplan som gjev rom for plassering av mest mogleg masse i nær tunnelen slik at transportkostnadene kan haldast nede. Framtidige investeringar og kva anlegg som faktisk vert etablerte på området er ei anna sak. Slik planane ligg i dag, pressar det fram fordyrande transport av stein. Dermed vert Stad Skipstunnel sett i fare.

Synergiar

For litt sidan fortalde ordførar Reksnes i lokalavisene at han hadde avtalt møte med fiskeriministeren. Tema skal vere synergiar rundt Stad Skipstunnel.

Dette er sjølvsagt eit prisverdig initiativ. Sentrale myndigheiter må spele på lag om skipstunnelen skal verte eit samfunnsmessig vellukka tiltak. Men det er grunn til å stille spørsmål til kvifor kommuneleiinga ikkje er meir aktive med å utnytte dei store moglegheitene tunnelprosjektet kan gje for lokal vekst fordi:

– At ytre/søre del av Stad kommune treng ny aktivitet og nye arbeidsplassar bør vere allment kjent.

– Gjeldande arealplan tillèt ei større fylling med litt anna plassering enn reguleringsframlegget.

Hadde ordføraren verkeleg vore interessert i at Stad skipstunnel skal gje størst mogleg næringsmessig synergieffekt for eigen kommune meiner eg han hadde teke tak i fylgjande forbetringsforslag som ligg ved saka:

– Utviding, og justert plasseringa av den planlagde fyllinga slik at mest mogleg tunnelmassar kan nyttast på området. Dermed unngår ein òg fordyrande transportløysingar.

– Endre reguleringsframlegget i tråd med innleverte innspel slik at framtidig næringsareal vert mest mogleg framtidsretta og funksjonelt.

– Flytte rassikringstiltaket for Slagarurda til oppsida av fylkesvegen slik at også trafikk på land vert sikra. Sentrale myndigheiter og vegeigar må då sjå verdien av ei slik løysing.

– Regulere inn masseuttak i Slagarurda for framtidig lokal tilgang til fyllmassar også etter at Stad Skipstunnel er ferdig.

Eg meiner at kommunen syner lite interesserte for lokal utnytting av skipstunnelen og prosjektet i Lesto-vika og at det er utruleg. Verre er det at reguleringsframlegget set skipstunnelen i fare. Men sjølv om prosessen er komen langt, er det framleis tid til endringar om ein vil. Å hevde noko anna tyder på avvikande motiv.

Kommunal verdiforvaltning

Vert skipstunnelen bygd, har Stad kommune i realiteten vunne «Jack pot» med svært stor gevinst. Gjennom avtalen med Kystverket er dei sikra gratis regulering og opparbeiding av eit næringsområde i Lesto-vika. Her kan etablerast industri/service, djupvasskai og fiskerihamn. Direkte er avtalen verdt fleire millionar. Den langsiktige effekten kan knapt verdsetjast høgt nok. Spørsmålet er om kommunen vil nytte den moglege gevinsten fullt ut eller om dei let deler av den gå frå seg. Eit positivt vedtak til endring er risikofritt og kostar ingen ting. I denne omgang er det snakk om ei justering av reguleringsframlegget for Lesto-vika.

Dersom skipstunnelen mot tru ikkje vert bygt, er reguleringsarbeidet likevel ikkje bortkasta. Behovet for eit nytt og framtidsretta næringsareal i Lesto-vika vert minst like stort då. Den rasfarlege Slagarurda, med store mengder fyllmasse, ligg rett ovanfor Lesto-vika. Med ein ferdig reguleringsplan er det berre å setje i gong med opparbeiding av arealet, skipstunnel eller ikkje.