«Unnskyld, Bryggja»

Eg vil med den djupaste medkjensle få uttrykke mi mest audmjuke unnskyldning til alle bebuarar og pårørande tilhøyrande Bryggja omsorgssenter. Eg gjorde i lag med dei andre opposisjonspartia så godt vi kunne. Men slaget om Bryggja omsorgssenter i Stad kommunestyre sto ikkje til å vinne. Trekløveret Sp, Ap og Høgre har fått eit for stort fleirtal ved siste val, og det ser ut til å ville prege vår kommune i fire år framover.

Eg personleg meiner at valløfter er satt til side for å utøve makt i budsjettkampen. I heftet Stad kommune mot 2030 står det i kapittel 4,1 at «Stad kommune skal ha gode levekår og tenestar for innbyggjarar i alle livsfaser og aldrar». Der svikta kommunen Bryggjaværingane grovt i fredagens kommunestyremøte.

Det var ynskjeleg for Stad kommune å få Bryggja inn i Stad kommune for å få ein samanhengande kommune, og Bryggja skulle inkluderast var løftet. Dette er måten å vise takk og inkludering på. Personleg meiner eg at det som skjedde er ei stor skam. At det skal løyvast midlar til Fjordhesten, men ikkje til dei eldre på Bryggja er for meg heilt uforståeleg.

Det einaste opposisjonen fekk gjennom, var ein delvis lovnad om basseng i Selje, resten av sakene vart styrt av trekløveret. At eg er djupt skuffa over at desse partia har rota det skikkeleg til nasjonalt i dei siste 12 åra er ein ting, men at dei utan skyldfølelse gjer det same i Stad kommune er meir enn eg klarer å svelge.

Eg håpar verkeleg at dei som stemte for dette tenkjer grundig over kva dei har vore med å vedta. Å vere politikar er ikkje berre å følgje lovar, regler og økonomi. Vi er valt som talspersonar, og skal faktisk kunne bruke sunn fornuft i det vi gjer.

Det bur folk på omsorgssenteret som er over 90 år, og som har budd på Bryggja kvart eit sekund av sitt liv, og i livets siste fase skal dei tvangsflyttast for å spare pengar. Det trudde eg faktisk ikkje var noko eg skulle vere delaktig i, og kjenner sjølv på skamma. At slikt kunne skje på 1800-talet med fattigfolk på stadar der lensmann og storbøndene styrte med jarnhand kan eg forstå, for då eksisterte ikkje det parlamentariske demokratiet.

Eg vil be Sp, Ap og Høgre å lese på det som står i kapittel fem i tidlegare nemnt hefte.

I pkt 1 om korleis kommunen skal gå framtida i møte står det at kommunen skal «setje brukaren sine behov i sentrum for Stad kommune si tenesteyting