Sidan byrjinga i 2015 har Statt Torsk ASA teke fiskehelse særs alvorleg. Eit døme er kvalitetssikring av kjønnsmodning kor Statt Torsk har utvikla eigne rutinar. Statt Torsk ønsker å vere best i klassa, og med det meiner vi at vi ønsker å vere transparent med informasjon som er relevant for torskeoppdrett. Vi er avhengige av å samarbeide med alle aktørar for å forme ei berekraftig framtid.

Som andre torskeoppdrettarar, har Statt Torsk fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om gjennomføring av veterinærundersøking av oppdrettstorsken med kort innsendingsfrist.

I lys av medieoppslag, og det generelle renomméet til torskeoppdrettsnæringa, har vi forståing for dette, og ynsker å bidra med kompetansen og erfaringane våre på best mogleg måte.

Torsken har ein veldig forskjellig anatomi ift. laks, mellom anna ei lukka symjeblære. Dette gjer det naudsynt å handtere fisken skånsamt og gradvis slik at innsamling og prøvetaking skjer på ein fiskevelferdsmessig forsvarleg måte. Raskt opptak kan gi sprengt symjeblære, akutt eller langvarig dødelegheit, difor vil slike undersøkingar krevje at innsamling av dokumentasjon må skje over lengre tid.

Vi har i god stund før dette pålegget utvikla og sett i verk ein protokoll som gir ein kvalitetssikker vurdering av modningsgrad (GSI-index) og har delt denne med interesserte selskap som ønsker å bruke same tilnærmingsmetode.

Denne protokollen har blitt sterkt forma av råd frå fagekspertise ved Havforskningsinstituttet, HI og Nofima med tanke på. kvalitetssikring, samt utførast av personell med fiskehelsekompetanse (dvs. veterinær eller autorisert fiskehelsebiolog). Her undersøkast 20 fisk pr. fyrste og siste fiskegruppe kvar månad, ved kvar lokalitet frå sommar 2. året i sjø fram til utslakt – dvs. tot. 40 fisk pr. md.

Resultatet av undersøkinga oppgivast som gonado-somatisk-index % (GSI%), der gonader er fellesomgrep på kjønnsorgana til fisken, og med somatisk meinast fiskens totale kropp – her målast altså vekta av kjønnsorgana (rogn; fiske-egg) opp mot den totale vekta til torsken og gir ein indikasjon på modningsgrad. Slakting sett i verk når GSI nærmar seg 10 %. I forkant må fisken forsvarleg avlivast. Då det er kostbart å avlive mykje stor, fin, frisk fisk over tid, brukast også ultralydmaskin (sjå bilete over) for å vurdere gonadestatus – slik at ein over tid vil kunne sleppe å drepe fisken for å samle inn nøyaktig data.

Vi vil elles nemna:

Vi har ein rekkje framoverlente prosjekt og samarbeid knytt til fiskehelse, særleg har vi oppnådd godt samarbeid med HI. Ei av desse prosjekta er å sende ca. 100 stk. slakteklare fisk til Austevoll for at dei kan generere dokumentasjon om fisken går i modning og kan gi overleveringsdyktige avkom.

Vi er sjølvsagt også positive til å delta i framtidige prosjekt der vi kan dele erfaring, kompetanse, eller ev. anlegg og fisk til disposisjon, samt å delta med innsamling av informasjon til å kartlegge torsken sin helse over tid.