Tilskot til rehabilitering av bustader – eit tiltak mot folketalsnedgangen i Bremanger kommune

Tida er inne for at Bremanger kommune byrjar å sjå på moglegheitene for å gje tilskot til rehabilitering av eldre bustadar, på lik linje med tilskot som blir delt ut for å bygge ny bustad.

Pr. dags dato tildelast det tilskot frå Bremanger kommune på 200.000 kroner for etablering av nye bustader, samt 50.000 kroner for etablering av nye leilegheiter.

Ein av dei største utfordringane til Bremanger kommune er folketalsnedgangen. I den økonomiske situasjonen som mange i dag står overfor, så er ikkje det alle som har råd til å bygge ny bustad og kanskje heller ikkje klarer å ta på seg ei nødvendig rehabilitering av sin noverande bustad utan økonomisk draghjelp.

Økonomisk tilskot kan bli sett på som eit miljøsparande tiltak. Ved renovering av eksisterande bygg vil blant anna nødvendig infrastruktur som vatn, avløp, veg og straum allereie vere på plass og ein unngår nedbygging av den vakre naturen som vi har her i Bremanger kommune. På dette viset kan tilskot til renovering også føre til dei husa som står tomme i dag kan få nye bebuarar.

Ein inspirasjon kan vere å sjå på Enova sin prosess for tilskot.

Enova har ein prosess ein må følge for å få løyst ut tilskot: ein godkjend energirådgjevar må vurdere bustaden sin noverande tilstand og gje ein energikarakter. Denne rådgjevaren kjem så med råd og anbefalingar om kva ein burde gjere med bustaden og kva for ein energikarakter man då potensielt endar opp med. Det er ut frå dette at Enova kan komme med ein rettleiande sum i stønad, som er maks 200.000 kroner. Endeleg sum blir fastsett etter at rehabiliteringa er ferdig, bustaden har fått ny energikarakter og dokumentasjon på utført arbeid er sendt inn for gjennomgang. Eit viktig punkt er at rehabiliteringa må vere utført av godkjent personell.

Kan det vere ein ide at Bremanger kommune matchar den eventuelt endelege summen som Enova gjer i tilskot?

På Finn er det per 5. desember i år 24 bustadar til sals i Bremanger kommune. Av desse 24 er det 20 brukte bustader, der dei fleste har behov for ei eller anna form for rehabilitering. I tillegg er ein svært stor andel av bustadene som ligg ute for sal akkurat no frå 70-talet eller før det.

Ei økonomisk tilskotsordning til rehabilitering av eldre bustader kan vere eit godt dragmiddel for å få fleire tilflyttarar til Bremanger kommune.