Nokre lovleg seine refleksjonar rundt budsjettmøtet i Kinn

Det er mørkt, det nærmar seg jul og mange er litt slitne av ei verd der det skjer litt vel mykje om dagen. Det er også tid for ein tung budsjettprosess i norske kommunar over heile landet.

I Kommunal rapport 01.12.2023 kan ein lese overskrifta «Mer krevjande kommuneøkonomi – og denne gangen er det alvor» følgt opp av ingressen «Framleis høy inflasjon, vedvarende høy rente og svak skattevekst. Kommunesektoren går et økonomisk tøft år i møte, trur Lars Strøm Prestvik og Tom Pehrsen i Kommunalbanken».

Det er altså ifølge kommunalbanken svært mange kommunar som kjem til å slite med økonomien kommande år. Kinn er altså ikkje i ein unik situasjon.

Det er lett å miste litt perspektiv og ambisjonar i tronge økonomiske budsjett og seige prosessar. Men eg vil oppfordre lokalpolitikarane til å innimellom dei tøffe prioriteringane klare å også heve blikket litt og sjå på kva ein kan få til i regionen, korleis kan ein for eksempel utnytte at Kinn kommune no har rekordmange representantar i fylket, og kva kan ein gjere for å legge trykk på Kystvegen og andre prosjekt når ein no ser at Førdepakken for eksempel blir forlenga med fem nye år. Kva kan ein gjere for å skape vekst i folketalet framover. Den komande arealplanen hjelper ein del, samarbeid og fellesløysingar rundt investeringar hjelper også.

Kultur og oppvekst

Eg vil før eg går inn på andre ting be politikarane strekke seg langt for å ikkje kutte ytterlegare i kulturskulen. Dette er eit godt og viktig tilbod for mange unge i kommunen og er ein viktig del av lokalsamfunnet. Satsinga på eldre og «leve heile livet» har også kommunen fått mykje god omtale rundt.

Ein må ha ambisjonar for dei som ønsker å få til nye ting, så vel så viktig som å støtte Måløy Vekst og Aksello og det viktige arbeidet dei gjer for næringslivet, er det å ha ein pott i budsjettet for festivalar, arrangement og nye initiativ som kan vere med på å utvikle lokalsamfunnet. Skal ein skape ein meir attraktiv stad å bu, må det også vere enklare å få draghjelp til å få ting i gang.

Det er derfor også viktig å behalde støtta til arrangement som Kinnaspelet, Måløyraidsenteret og andre gode kulturaktørar.

Sidan Kinn vart oppretta har det blitt gjort mykje på blant anna sti-nett, møteplassar og det å legge til rette for og regulere inn alt frå utkikkspunkt til nye bustadfelt. Denne utviklinga har ein fått til fordi ein har jobba godt saman med frivilligheit, innbyggarar og næringsliv. Og det er to kraftfulle prosjekt som verkeleg symboliserer dette som eg verkeleg håper ikkje blir gløymt i denne budsjettprosessen. Ein kan sette seg ned og gi opp eller gjere forsøke og gjere alt ein kan for å sikre nye finansieringskjelder og framdrift på desse prosjekta slik at det potensielt kan bli satsingar som er med å skape ein meir attraktiv stad å bu.

Nordfjordbadet og Storhallen i Vest

Dette er langsiktige prosjekt det blir jobba med for å skape bulyst, betra idrettstilbod og helse for innbyggarane i Kinn. Det er to prosjekt der det også er sikra fleire titals millionar i finansiering allereie, og som ein vil risikere å gå glipp av om ein ikkje jobbar vidare med det.

Spørsmål: Tidlegare har dette lege inne i økonomiplanen som ei teknisk budsjettering ute i perioden for å kunne behalde spelemidlar i framtida og unngå å misse desse eksterne midlane. Dette bør ein strekke seg langt for å behalde mens ein jobbar aktivt for å sikre annan type finansiering som i liten grad belastar kommuneøkonomien (ein fattig kommune bør ikkje seie ifrå seg betydelege eksterne midlar frå Norsk Tipping, næringsliv og frivillige som kan gjere kommunen meir attraktiv)

Viktige spørsmål: Er det planlagt av dei politiske partia å legge noko trykk opp mot fylket på desse to prosjekta/eventuelt sal av Nordfjordhallen til fylket for å få dei med på spleiselaget? Og korleis vil ein jobbe framover for å posisjonere kommunen på utdanning, kultur og infrastruktur opp mot fylke og stat?

Kystvegen og posisjonering

Kva kan ein legge inn i budsjettet for å legge skikkeleg trykk på Kystvegen (f.eks. i reguleringsplanar, kommunikasjon, lobbyverksemd etc.). Ein har no fem stk. på fylkestinget frå Kinn og har moglegheit til å få det høgare på agendaen om ein jobbar saman og legger ein god strategi for det. Kan ein klare å gi skikkeleg gass rundt dette prosjektet så er det med på å styrke utviklinga i den flotte kystregionen vi bur i. I forlenginga av Førdepakken som nyleg vart kjent, så er dette eit kroneksempel på kvifor kysten no også må ta skikkeleg plass og få ei skikkeleg satsing i vår region (kystpakken?), gjerne også med statleg hjelp om mogleg.

Korleis kan ein jobbe strategisk for å dra mest mogleg nytte av godt samarbeid opp mot fylket dei neste fire åra?

Så til skule: (nei eg har ikkje gløymt det, men det kan kanskje vere interessant å lese om andre ting også)

No har det vore køyrt eit hardt mediekøyr frå administrasjon og opposisjon der ein har gjort ein god jobb for å legge bortimot alle budsjettavgjerder framover i éi kurv. Kurva heiter Skram og skal tilsynelatande avgjere alt av struktur i framtida. Eg forstår at dette er ei utruleg vanskeleg sak og eg forstår at det er ulike syn på dette, men ein kan kanskje gjere eit lite forsøk på å forstå kvarandre og dei ulike perspektiva både frå posisjon og opposisjon på denne saka.

Slik eg ser det så er det fire perspektiv på Skram skole:

  • «Ein 250 skule låser strukturen i nord» (Ap/kommunedirektøren)

  • «Ein 250-skule låser ikkje strukturen og har plass til Raudeberg i framtida med plass til maks 280 elevar på Skram» (Posisjonen: H, Frp, INP, Sp)

  • «Ein 400-skule låser strukturen i nord med nedlegging av både Skavøypoll og Raudeberg»

  • «Ein 400-skule gjer at ein kan legge ned Raudeberg og kanskje på sikt også Skavøypoll» (Ap/kommunedirektøren)

Med atterhald om at Sp og Venstre har delt seg i dette spørsmålet tidlegare.

I tillegg foreslår kommunedirektøren å legge ned Krokane (ein stor skule), Stavang, ungdomstrinnet på Eikefjord skule.

Å gjere dette i eit budsjett utan å ha køyrt ein grundig prosess gjennom ei skulebruksplan syns eg heilt ærleg er litt sprøtt. At kommunedirektøren i tillegg setter nord og sør opp mot kvarandre der han foreslår å legge ned alt unntatt ein skule i nord, synst eg for å vere heilt ærleg er ganske urimeleg, og eg synst det er synd at ein sit igjen med at dette berre vil gå utover skular i sør.

Det er eit perspektiv at det å bygge til 250 i Måløy for å spare pengar til å kunne ruste opp andre skular (som Florø barneskule) og bygge sjukeheim i Florø er eitt syn. Å bygge større eit anna med liknande argument. Begge kan nok ha rett om enn i ulike tidsperspektiv- men utan å ta innover seg ein eventuell vekst. Kommunedirektøren har tidlegare sagt at det i år kjem til å bli busett langt fleire i nord, og då er det slik eg ser det kanskje nettopp på Raudeberg og i Skavøypoll det er størst moglegheit for å skaffe bustader og skuleplass.

Ein skal i tida framover utvikle nye bustadfelt og busette ganske mange flyktningar. Nærleik til skule betyr noko, og berre for å sagt det. Skavøypoll er ikkje ei grend ein kan samanlikne med nasjonale trendar der folk trekker mot sentrum. Skavøypoll er ein del av eit sentrum i eit slikt perspektiv (grendene i slike statistikkar har nok normalt lenger reisetid til butikkar osv.).

Eg oppfordrar politikarane til å tore å ha ambisjonar i eit vanskeleg budsjett og eg har både full respekt for at det er ulike syn på dette og at det er ein svært utfordrande økonomi, men då trur eg heller ikkje det hjelper med frasar som at ein riv kommunen i fillebitar dersom ein meiner at ein 250-skule potensielt kan romme også Raudeberg skule dersom ein skulle velje å legge den ned på eit seinare tidspunkt.

Om ein vil legge til rette for også å legge ned Skavøypoll, så er det eit politisk val og då kan sikkert ein 400 skule passe fint, men alternativet er å halde på skulen og ruste den opp i staden for å bygge stort. Det same gjeld om ein vil legge ned Krokane, Torvmyrane eller andre. Det er politiske val om kva som er viktig å prioritere for dei ulike partia.

Eit anna politisk val er å køyre ein grundig prosess på dette og sjå kor vekstpotensialet ligg, kor det kjem moglegheiter for nye innbyggarar, bustadfelt og industri og jobbe ut ei strukturplan på bakgrunn av dette kombinert med prognosar som ofte viser seg å ikkje stemme. Det er mange faktorar som spelar inn her, og då trur eg ikkje det er lurt å presse dette inn i ein forhasta prosess i årets budsjett.

Skulebruksplanen skal komme til våren- og det blir heilt sikkert ikkje lett. Men då bør ein ta seg tid til ein god og grundig prosess i heile kommunen.

Ikkje gløym å satse på ting som kan skape vekst og som kan utvikle kystregionen. Eg håper på ein respektfull debatt tysdag sjølv om fleire er fundamentalt ueinige.

Lykke til med eit utfordrande møte! De er tøffe som står i det – uansett partifarge.