Vår natur – våre fuglar – vår framtid

Vi gler oss alle til våren, vi ser lysare på framtida og meir optimistisk på tilværet. Sakte kjem både knoppar og dei første blomane fram og det vert grønare rundt oss. Vi skyver tankar om natur- og klimakrise vekk så godt som råd.

Vi gler oss til å sjå dei første trekkfuglane kome attende, slik dei har gjort i tusenvis av år, om enn dei no oftare kjem mindre talrike enn før. I dag spankulerte ei linerle her på enga. Brått kasta den seg til sides og fanga ein matbit i nebbet, enno det ikkje var særleg vårleg ute. Til og med ein gransongar sat i toppen av ospa her og fortalde den var attende til sommarlandet sitt.

Slikt og anna fugleliv rundt oss, gjer at vi synest det er kjekt å leve. Som Martin Eggen skriv i undertittelen på denne for fugleelskarar svært leseverdige boka: «Utan fuglar blir ikkje livet det same». Det er verdt å tenke grundig over det.

For i dag er mange fugleartar truga på livet av framferda til oss tobeinte. Artar vert desimerte, døyr ut eller kjem på lista over truga fuglar. Men det vil vi helst ikkje tenke på ei vakker vårdag når raudstrupen, som her i dag, sette seg i toppen av grønknoppa bjørk og fylte øra mine med sine friske trillar.

Så sjølv om våren er ei tid for optimisme, er det ei alvorleg skuggeside vi ikkje heilt greier å undertrykke. Vi er jo eit naturelskande land og folk, men ikkje berre det i praksis. Det skal ikkje mykje lesing i media, tidsskrift eller av anna informasjon før vi må innrømme at vi rett og slett er dårlege naturvernarar i praksis.

I dag landa ein stor måseflokk like ved, om lag seksti fuglar, mest fiskemåse, men og gråmåse og tre unge hettemåsar. Det var nygylla. Kvifor er dei ikkje ved kysten eller ved fjorden? Det er nok fordi småfisken og anna sjømat er nesten vekke, holmane dei hadde reir på er bygde på eller sprengde vekk. Dei må no difor ofte finne både mat og reirplass i innlandet og på tak i byar. Til og med gråmåsen er no difor raudlista.

Vi nordmenn er dårlege på naturvern - i praksis. Mange likar ikkje dette ordet ser det ut til, for det gjeld andre og ikkje dei. Dei går inn for å byggje i fuglane sin rest av strandsone, drenere myrer, hogge ned gamal skog, sprenge vekk holmar, gje løyve til storindustri og fjerne og okkupere store urørte naturområde, som t.d. kystnær sjeldan furuskog, opne store steinbrot i fjellet, skogsvegar, vindmølleparkar og hyttefelt.

Til og med globale firma frå andre sida av kloden er velkomne til å fjerne naturen fuglar og alt anna liv i naturen treng, når det på sikt kan gje det som vert kalle grøne arbeidsplassar og grøne pengar i kommunekassa.

Ikkje rart at mange av oss vert både lei oss, sinte og går i forsvar,

Vi treng, vi og, ein nasjonal snuoperasjon sidan vi ivrar slik for ei global endring på grunn av den alvorlege natur- og klimakrisa det er stor semje om er i full gong. Då må vi og handle deretter lokalt, ikkje minst dei som er lokalpolitikarar og i lokaladministrasjonen og lytte til både alle seriøse fagfolka, veljarar og innbyggjarar og barn og unge som skal arve framtida sin rest av natur.

Naturrekneskapen vi elles lèt etter seg oss går ikkje i balanse, men med underskot. I eit rikt land som Noreg er det skammeleg at vi ikkje tek vare på den rest av urørt natur vi har. Det er deprimerande å sjå lokalpolitikarar som ikkje tydeleg tek naturen i forsvar, oftast berre næringsinteresser – og det på måtar som ein dag nok vil gi dei i eit lite positivt ettermæle.

La oss andre i alle fall nytte vår viktige ytringsfridom- ikkje minst for å forvare fuglane og naturmangfaldet sin mogelegheit for ei leveleg framtid – enno ei stund, mot nedbyggingskåte lokalpolitikarar og profitthungrige gigantfirma med grøne briller.

For det hastar! Framtida er no!