Prosjektrådmann Terje Heggheim i Kinn kommune har skrive dette lesarinnlegget:

Fredrik Egeberg og Nei til Kinn spør i eit lesarinnlegg om Kinn skal trykke sine eigne pengar? Dei veit svaret, men eg fekk ein god ide.  I 2020 får vi ei rekke nye kommunar.  Tenk om Noregs Bank nytta motiv frå dei nye kommunane?.  Ein tusenlapp med motiv frå kysten og Kinn kommune - ein flott setel!  Det spelar vi inn.  Takk for tipset!

Derimot vil eg ikkje takke for påstanden om at eg reiser rundt og lovar tilsette høgre løn om dei stemmer JA til Kinn.  Det ein alvorleg påstand.  Eg skjønar ikkje korleis Nei til Kinn kan skrive det.  Har ikkje debatten grenser?  At avisa trykkjer det utan samtidig tilsvar, utløyser eit spørjeteikn.

Nei til Kinn skriv at ; «På sine runder rundt på kommunale arbeidsplasser, der rådmann Heggheim informerer om Kinn, lover han også de ansatte høyere lønn om vi blir med i Kinn.» Og du held fram med; «Det å love folk høyere lønn om de stemmer ja er ikke greit. En har selvsagt ikke bedt noen stemme ja, men man trenger ikke bruke hodet for å skjønne hvorfor man lokker med lønn. Han sa nok ikke noe om hvem som må lide for disse millionene som ikke man har.»

Først påstår de direkte at eg lovar, så moderer de på ein slik måte at lesaren ikkje treng å bruke vitet for å skjøne at det er det som skjer.  Nei til Kinn; det er feil og feigt!

Eg skal få på plass Kinn kommune frå  2020.  Fellesnemnda og intensjonsavtalen seier korleis eg skal gjere det.  Eg skal vere lojal mot begge.  Ei arbeidsgruppe skal sjå på arbeidsgjevar-politikken.  Dei startar i mai.  I intensjonsavtalen sitt punkt 9, kulepunkt 4, 5 og 6 heiter det at vi skal harmonise ulike reglement (tilsettingsregelment, permisjonsreglement, m.m.) og utarbeide ein felles lønspolitikk for alle tilsette.  I siste punktet står det at vi skal harmonisere lønsskilnader over tid.

Ja, eg informerer om Kinn  Det er jobben min.  Eg informerer også om det som er vanskeleg.  Tilsette i kommunane er sjølvstendige og dyktige menneske.  Vi har snakka om den vanskelege situasjonen i Vågsøy.  Det kan vere dei som er i mot Kinn som eg ber arbeide for den.  Då må vi snakke.  Det er ikkje eit problem.  Tvert i mot.  Eg er imponert over dei tilsette i begge kommunane og korleis dei handterer den vanskelege situasjonen.  I prosjektet har dei levert eit materiale det står respekt av.  Dei gjer meg til ein stolt rådmann.  Seinare skal eg møte dei på arenaer der dei snakkar om  interessene sine. Lønspolitikk er ein del av det. Begge kommunestyra har vedtatt korleis det skal skje.  Ei lønsauke kjem som følgje av at ei tilsvarande stilling elles i organisasjonen er løna høgre.  Om du røysta JA  eller NEI til Kinn, er  ikkje eit sjekkpunkt.  Egeberg og Nei til kinn  mistenkeleggjer og lagar ei vrangførestilling utan sidestykke.  De har ikkje dekking for det de skriv.

Eg var budd må mykje. Ikkje alt! Nei til Kinn, bli sannferdig!  De gjer Kinn vanskeleg nok.  Å gå  laus på rådmannen er ikkje eit problem.  Eg er der for hogg og uroar meg ikkje.  Det som gjer meg uroleg er at Egeberg og Nei til Kinn ikkje sjølve skjønar kva signal dei sender om dei tilsette.

Ikkje kom i ei livbøye om at det ikkje var meininga!