Skal EU bestemme endå meir over krafta vår?

Er du blant dei nær 80 prosent som er einig i at det bør innførast ein makspris på straum? Då må du vere obs og seie ifrå når Stortinget skal behandle dei nye lovene og forordningane som EU vil ha innført i Norge. Det gjeld den såkalla Energimarkedspakke 4. Denne pakken ligg på regjeringa sitt bord og den må behandlast av Stortinget. Kort fortalt gjev den EU endå meir makt over norsk kraftpolitikk. Det skjer ved at det for eksempel blir forbod mot å innføre makspris på straum til hushaldningar og bedrifter i Norge. Den gjer det også forbode å avgrense straumeksporten gjennom utanlandskablane.

Norge har vetorett mot slike nye EU-pakker. Men lite tyder på at regjeringa vil bruke denne vetoretten. Dersom regjeringa ønskjer å sette seg imot innføringa av denne pakken, slik Sp vil, så kunne dei fremma dette i Stortinget og fått fleirtal der ved hjelp av SV og Raudt. Men i staden held dei på med eit spel som kanskje fører til at avgjersla blir utsett til etter Stortingsvalet neste år. Då er sjansen stor for at vi har fått eit anna fleirtal med H i førarsetet som køyrer dette igjennom utan problem.

Framover vil Raudt fokusere på denne saka. Det er viktig både å spreie kunnskap og reise motstand mot at EU skal få endå sterkare grep om arvesølvet vårt.