Eg er Maria. Eg identifiserer meg som menneske, ein verdsborgar. Min religion er godheit. (My religion is kindness – Dalai Lama) Eg er òg tilfeldigvis skeiv.

Stort sett har eg følt meg akseptert og godtatt som eg er. Familie, vennar, naboar, kollegaer og bekjente tenker vel ikkje so mykje over det. Og det er slik eg helst vil ha det. Familie og vennar er glad i meg for den eg er. Skeiv eller ikkje. Men skeiv er eg altso!

Eg er altso ikkje heterofil. Som for min del vil seie at eg forelska meg i same kjønn. Og eg er stolt av det. Eller kanskje meir heilt OK med det. For det er ikkje det at eg er skeiv som til dagen gjer meg stolt. Det er mine verdiar og korleis eg er, korleis gode folk kan vere, og ikkje minst når eg får til ting i livet mitt. Ting som eg har kvidd meg til eller ikkje hadde trudd eg ville klare. Då føler eg på stoltheit.

For eg er først og fremst Maria.

Ofte er eg stolt over landet mitt, kongen vår og menneska her. Vi … Vi som er so heldige å enten ha tilfeldigvis blitt fødde akkurat her eller kome hit seinare i livet. Same det!

Eg kjenner på stoltheit og takknemlegheit for at fleirtalet vil ha, og jobbe for er eit trygt, ope og mangfaldig samfunn. For at vi stort sett kjem godt overeins og bryr oss om og tek vare på kvarandre og andre.

Sjølv om eg er stolt av landet mitt er eg bevisst på at eg er ein verdsborgar. Vi er alle folk på denne fantastiske planeten vår. Og det skal ikkje bety noko kor du er ifrå, korleis du ser ut eller kven du elskar. Det som betyr noko er dine haldningar og handlingar mot andre.

Eg er stolt av sonen min som godtar mamma sin. Og som aldri har vore flau over kven eg er og som støttar og forsvarer meg når det trengst. Han er ein av dei mest fordomsfri og kloke eg kjenner! Og eg er ikkje skamfull i det heile tatt at han har vakse opp i ein skeiv heim. Faktisk litt stolt av det òg. For eg veit det har gitt oss noko verdifullt også! Som vi kan bruke i møte med andre menneske.

Eg er heldig …

Eg har møtt lite motstand når det kjem til min identitet. Eg har ikkje opplevd mykje hets og som sagt føler eg meg stort sett godtatt som eg er. Det skulle no berre mangle då!!! Men det er dessverre slik enda at det kan ein ikkje ta for gitt. Det fekk ein nok ein gang eit ufatteleg vondt bevis på no. Og det er grusomt å tenke på kor mange som blir banka, hata og drept rundt om i verda. Fram til no … akkurat no! Og fortvilande nok … kjem til å bli det … Og korfor ??? Fordi dei har gjort noko gale??? Skada nokon? NEI!!! Korfor? Fortel meg det!

Eg er ufatteleg stolt av dei som har stått fram og kjempa kampen før oss! Og med oss meiner eg både skeiv og heterofile. For det angår oss vel alle!!!???

Eg har so langt vore heldig …

Når det gjeld det «vesle» eg har opplevd, lese, sett, høyrt i nærmiljøet mitt og eller møtt på min veg så langt, som har vore om meg eller om «sånne som meg» … so har eg stort sett tenkt at jaja … ikkje alle er «der» enda … kanskje aldri blir det. Og det må ein godta. Eg har i kvardagen følt meg trygg og veit at mine nærmaste er glade i meg og at fleirtalet skjønnar og veit meir. Men er det nok? Og er det rettferdig for alle dei som opplever det verre?

Eg har av og til blitt lei meg, skuffa, provosert og forundra. Noko gongar må ein berre le for at det er so dumt og nokon gongar har eg hatt lyst å ropt noko som nokon sa so klokt ein gang : «Dåke veit ikkje ka dåke snakka om!»

Men so lenge det ikkje har blitt meir enn ord og kommentarar som eg kan tole, har eg stort sett latt det gå. Eg diskuterer og utfordrar gjerne litt og sjølvsagt seier eg mi meining tilbake i dei tilfella det er på sin plass og, eller når, eg tenker det var vits i. Altså vits i som at personen kanskje er i stand å hugse kommentarane dagen etter, men ofte lar eg òg vere å kommentere eller svare.

Som sagt har eg sloppe billig unna … Det har vore ting som:

  • Folk kan gjere vere homo berre ein ikkje plagar andre med det.

  • Korfor skal homofile absolutt gifte seg i kyrkja?

  • Skal vi verkeleg bråke med denne Pride-markeringa?

  • Eg skal be for deg. (Det kan vere veldig fint det. Om ein ber for at eg skal ha det bra. Men om ein ber om at eg ikkje skal vere meg … so takkar eg nei til det.)

  • Treng de eige flagg og kor er vårt flagg liksom? Tenk om alle skulle hatt eige flagg? Skal alle flagge sin seksualitet liksom? (Som om det berre er det flagget handlar om??)

  • Skammen sitt flagg

  • Er du sikker på at du ikkje likar kuk?

  • To jenter er greitt, men ikkje to gutar. Det er ekkelt.

  • Om vi synest de her er greitt kor skal vi sette grensa så? Skal alt bli lov og greitt liksom?

  • Ein bør ikkje ha so mykje fokus på det at folk begynner å tru dei er homofile.

Til dykk som meiner eller seier slike ting, og verre … Kva er det som gjer at du tenker du er meir riktig, skamlaus og betre? Og kva er du redd for? Eller sint for?

Det som har skjedd i Oslo er heilt forferdeleg trist og frykteleg skummelt! Vi har ein stor jobb å gjere! I heile verda, i vårt eige land og i kvar ei bygd og i kvar ein heim!

Eg forstår meir enn nokon gong korfor det heiter pride … og korfor eg ikkje berre skal vere OK med at eg er skeiv, men vere meir høglydt stolt!

Ein har jo ingen grunn til å ikkje vere stolt, men mest av alt føler eg det handlar om at stoltheita gir styrke og mot til å gi motstand og stå opp! Både i grusomme og farlege hendingar, og i dei fordomsfulle orda som ein i grunnen kan, men ikkje skal trenge å tole. Ord som òg kan vere vonde nok til at dine medmenneske og kanskje nokon av dine aller nærmaste er ulykkelege, usynlege og redde. Ord som kan utvikle seg til å bli farlege nok til å verkeleg skade andre!

Berre for å ha det sagt so er det på ingen måte slik at eg meiner fordommar ligg i enkelte grupper. Dette er like forskjellig som folk er forskjellige. Og her like viktig å ikkje forhandsbedømme eller forutseie kva andre kanskje trur og meiner!!!

Derfor nettopp viktig at ein er opne og trur det beste om kvarandre.

At ein i diskusjonar med ulike syn framleis er respektfulle mot kvarandre. For diskutere og snakke i lag må vi gjere. Det er viktig ! Alle treng ikkje vere heilt einige, men vi skal vel kunne vere greie mot kvarandre!?

Trur òg det hjelper veldig mykje om alle som vil at det skal vere greitt og kjennast godt ut å vere seg sjølv, viser dette tydeleg. At vi samla står i mot diskriminering, hets og hat og jobbar bevisst med å skape meir forståing rundt identitet og ulike legningar. Også blant vaksne!

Eg sender ekstra kjærleik og omtanke til alle som treng det no.