Gratis barnehage i Bremanger Kommune

På førre medlemsmøte i Bremanger Senterparti var innspel til kommunebudsjettet 2023 på sakslista. Eit av forslaga som blei diskutert, er at barnehagetilbodet i kommunen bør bli gratis. Dette har også Bremanger Senterparti foreslått i eit tidligare formannskap der ein drøfta tiltak for å skape bulyst og tilflytting til kommunen. Vi kan ikkje sjå at dette forslaget har kome noko vidare og ønsker derfor å ta dette opp igjen når ein no skal sjå på budsjettet for 2023.

Det er klart at ved å tilby gratis barnehage vil kommunen miste inntekta frå foreldrebetalinga. Om ein legg til grunn talmateriale for 2022, vil dette for 2023 utgjere i overkant av 4,5 mill. kroner. Dette må ein finne inndekning for i budsjettet. Bremanger har i dag ein god barnehagetjeneste, og vi vil være tydelig på at gratis barnehage ikkje må føre til ein forringelse av den kvaliteten vi har i dag.

At Bremanger kommune er ute av ROBEK-lista tilseier ikkje fleire driftsinntekter. Imidlertid vil ein i 2023 kunne budsjettere med inntekter frå dei to vindkraftanlegga i kommunen gjennom ordninga med produksjonsavgift. Dette er ei ny inntekt, og for Bremanger kommune vil denne utgjere 6,6 mill. kroner pr år ved ein normal produksjon. Regjeringa legg opp til å doble denne avgifta i det kommande statsbudsjett, noko som då vil gi kommunen 13,2 mill. i nye inntekter.

Som tidligare nevnt var bulyst og tilflytting/rekruttering ein av drivarane for dette forslaget, men den siste utviklinga med stigande prisar på energi, mat og ikkje minst ei boligrente som har fire-dobla seg så er det kanskje like viktig at vi lettar børa til dei småbarnsfamiliane vi alt har i kommunen.

Vi meiner dette forslaget er ei kraftfull satsing på småbarnsfamiliane i kommunen, og vi håper at dei andre partia i kommunestyre er opne for forslaget. (Så er det også slik at mellom full pris og gratis ligger det mange moglegheiter for kompromiss…).