På mi vakt

Fleire har spurt kva eg vil med jobben som redaktør i Fjordenes Tidende. Då brukar eg å svare at eg er glad i kysten og folka som bur her. At eg er eit samfunnsengasjert menneske som trur på den samfunnsmodellen vi har her oppe ved sjøkanten i Nord-Europa, og at kultur er viktig.

Ei lokalavis skal vere ei vaktbikkje, det er sant. Minst like viktig er det å vere eit talerøyr for lokalpatriotisme, ein levande samfunnsdebatt og eit godt lokalmiljø.

Staben i Fjordenes Tidende har levert god journalistikk gjennom mange år. Det skal vi halde fram med også på mi vakt. For det manglar ikkje på interessante og viktige saker. Då tenkjer eg ikkje berre på Stad skipstunnel som vil revolusjonere samferdsla i vårt område. Eller Nasjonal transportplan som er venta før påske, og heilt sikkert vil skape debatt. Står det noko om riksveg 15 i den planen, eller brukryssing over Nordfjord?

I Måløy er sjømatnæringa og maritim næring dominerande. Det feltet skal vi dekke godt og grundig slik Fjordenes Tidende alltid har gjort. Enten det gjeld den nye kvotemeldinga frå regjeringa eller andre store og små spørsmål om fiskeri. Det skal vi gjere ikkje berre fordi dette er næringspolitikk, men også fordi det handlar om busetnad, levande lokalsamfunn og framtida for oss som bur her på kysten.

Kraftsituasjonen i området er eit anna viktig tema. SFE er store i Bremanger der australske eigarar har planar om å bygge ein fabrikk på Holmaneset som skal produsere ammoniakk og grønt hydrogen. I tillegg er det spørsmålet om elektrifisering av sokkelen – og så har du Elkem.

Då har eg ikkje nemnt vindturbinar som er eit kontroversielt tema også på våre fjell. Det blir interessant å sjå korleis ein skal få denne likninga til å gå opp.

Når alt dette er sagt, er kanskje det viktigaste bidraget at vi lagar sannferdige, vesentlege nyheiter som folk er interesserte i. Vi lever i ei tid der ein lystløgnar kan bli ny president i USA og Putin tar livet av dei som kritiserer han. Russland er som kjent vårt største naboland. Eg vil i den forbindelse minne om orda til journalist Maria Ressa i Oslo rådhus då ho fekk fredsprisen i 2021:

– Utan fakta kan du ikkje ha sanning. Utan sanning kan du ikkje ha tillit. Utan tillit har vi ingen felles røyndom, ikkje noko demokrati, og det blir umogleg å handtere dei eksistensielle problema i verda.

Også her på kysten er dei redaktørstyrte avisene viktigare enn nokon gong. Difor skal redaksjonen og redaktøren halde fram med å levere faktabasert kvalitetsjournalistikk til glede og frustrasjon for gamle og nye lesarar.

Tips oss gjerne!