Kinn kommune må spare pengar i heile kommunen, dette er noko alle har fått med seg. Overskrifter om at det er eit skrikande behov for omstilling kjem hyppig i lokalavisa.

Oppvekstsektoren har fått innsparingskrav på 40 millionar frå inneverande år til 2027. 31 millionar skal sparast frå 2024 til 2027. Slik vi har forstått det er dette bestillinga frå politikarane til kommunedirektør og administrasjonen.

Kommunedirektøren har foreslått endring i skulestruktur som ein måte å møte desse innsparingskrava på. Dette trass i at det er eit politisk vedtak at Skram skole skal byggast med 250 elevar. Vi skjønner at dette kan virke provoserande på politikarane med Frank Willy Djuvik i spissen. Men vi skjønner også kvifor kommunedirektøren har sett ein midlertidig stopp for å ta opp spørsmålet med politikarane på nytt; Skal Skram skole verkeleg byggast for liten?

Vårt spørsmål til politikarane er; om de låser bygging av Skram skole til 250 elevar og igjen går imot kommunedirektøren sitt forslag, kor skal desse millionane då sparast?

Vi har stor forståing for at dette er eit upopulært val, at det også kostar pengar å bygge Skram skole større og at ei eventuell framtidig nedlegging av Raudeberg og Skavøypoll skule skapar reaksjonar. At dette på ulike måtar vil gå ut over borna som går der med endring i både skuleveg og skuleplass.

Vi har grunna dette vore forsiktig med å lage ein «kamp mellom skulane i Florø og skulane i Måløy», men kjenner på at vi no må komme med vår bekymring på vegner av alle barna i Florø-området. Det er mange av dei også som rammast av stadige budsjettkutt.

Så vi lurer igjen på; kor skal pengane takast frå denne gangen? Skal det fjernast pedagogstillinger? Det er allereie stor mangel på lærarar i skulen vår og på dei andre skulane.

Skal det igjen kuttast i nødvendig oppgradering? Skal innsparingane som elles, smørjast ut over alle skulane slik at alle skulane får enda mindre å rutte med og enda dårlegare kår?

Vi ber dykk politikarar tenke dykk godt om før det ekstraordinære kommunestyremøtet 30.11. Tenk gjennom dei langsiktige konsekvensane vedtaka får for alle borna i Kinn kommune. Om de låser Skram skole til å berre ta inn 250 elevar låser de også moglegheita for endring i skulestrukturen i Måløy-delen av Kinn. Dette betyr i praksis at all framtidig innsparing må gjerast i Florø-delen av Kinn.

Dette går på kostnad av borna våre ved Florø barneskole, men også på kostnad av dei andre fem barneskulane som framleis eksisterer i søre del av Kinn.

Vi ber politikarane om å tørre å ta ein upopulær avgjersle til det beste for fleirtalet. Så håper vi sjølvsagt, og trur, at ein avgjersle om ein større Skram skole vil vere positivt for alle borna i Måløy-delen av Kinn kommune også.