Befolkingsvekst eit politisk mål?

Nyleg feira Stad kommune auke i folketalet. Ordførar Gunnar Silden oppmoda alle politiske parti til å jobbe for befolkningsauke i kommunen.

Befolkningsvekst er ein attraktiv tanke. Dei fleste distriktskommunar fryktar avfolking og bygdedøden. Befolkningsvekst kan løyse mange av dei utfordringane distriktskommunar som Stad har: skatteinntekter, kompetanse i skule, helse og næringsliv, vitale lokalsamfunn og næringsutvikling. Problemet er at det er lite sannsynlig at befolkninga i Stad kjem til å auke. Kvifor har ein det då som politisk målsetjing?

Statistisk sentralbyrå viser at befolkninga i området som no er Stad kommune har auka dei siste 35 åra. Ser ein på aldersgruppene er det meir samansett. Alle dei yngste aldersgruppene minkar. Ikkje før ein kjem til aldersgruppene over 45 år byrjar tala å peike oppover. Det er ikkje ein statistikk som peikar mot befolkningsvekst. Demografiutvalet som la fram si utgreiing i 2020 om endringane i befolkningsmønster, la SSB si framskriving til grunn. Befolkninga vil gå ned i mange distriktskommunar. For Stad kommune er det mest sannsynlege scenarioet ein svak nedgang i innbyggjartal fram mot 2050.

Bakgrunnen for denne utviklinga er samfunnstrendar som ikkje berre gjeld vårt hjørne av bygdenorge. Sjølvsagt har somme lokalsamfunn opplevd ein faktisk vekst – også i Stad. Men det er ikkje det generelle biletet. For å sitere kommunedirektør i Stad og medlem i demografiutvalet, Åslaug Krogsæter så må ein «stikke fingeren i jorda og ikkje tru at ein kan vedta folketalsauke».

Utvalsleiar Victor Norman la til at utfordringa i distrikta ikkje er mangel på arbeidsplassar, men mangel på kompetanse. Det er store problem med å rekruttere kompetanse for å oppretthalde dei kommunale tenestene innan helse, omsorg og skule. Næringsutvikling har ikkje nødvendigvis ført til folketalsauke. Mange kommunar opplever heller ei auke i gjestearbeidarar som flyg inn og ut. Katrina Rønningen frå Institutt for rural- og regionsforsking seier til NRK at dette mønsteret vil halde seg om kommunane ikkje klarer å oppretthalde gode tenester som gjer det attraktivt å busetje seg.

Konklusjonen er at befolkningsvekst ikkje kan vere grunnlaget for å finansiere kommunen sine tenester i åra framover. Spørsmålet er då: kva kan kommunen faktisk gjere for at vi framleis skal ha gode og vitale lokalsamfunn og gode kommunale tenester?

Nøkkelen for å forstå dette ligg i skilnaden mellom vekst og utvikling. Eit kvart samfunn må utvikle seg for å møte samfunnsendringane. Her meiner eg Stad har fått gjort mykje på få år! Inntrykket mitt er at gamle Eid kommune og no nye Stad kommune ser ut til å ha fått ein ny giv dei siste åra. Framtidstrua og optimismen har løfta takhøgda. Mine eigne subjektive inntrykk er at samfunnet har blitt opnare, meir mangfaldig og meir framtidsretta. Kanskje er dette årsaka til at Stad kan vente lågare befolkningsnedgang dei komande åra enn mange andre distriktskommunar.

Eg trur denne utviklinga gjer at fleire kan sjå føre seg det gode liv ved Nordfjorden. Og det er her eg tenker vi kan ha mest igjen for innsatsen. Vi må fokusere på at vi som bur her skal kunne leve gode liv i gode lokalsamfunn. Då er mangfald og takhøgd viktig. Då er gode tenester viktig. Dette er kvalitetar som Stad har i dag, og som vi må slå ring om. Dette er ein kulturell vekst utan folketalsvekst.

Det er her kommunane sine prioriteringar må ligge. Vår beste sjanse til å få ungdomen til å flytte tilbake som sjukepleiarar, lærarar, legar og ingeniørar er å skape gode lokalsamfunn med gode tenester. Det er vår beste sjanse til å få innflyttarar til å slå seg ned her og jobbe på bedriftene og i tenestene våre. Er vi optimistiske så kan dette vere med å demme opp for befolkningsnedgangen.

Skal vi få til dette så kan vi ikkje basere oss på luftige forhåpningar. Dei samfunna som evnar best å omstille seg er dei som har ein realistisk optimisme til sine framtidsutsikter. Vi må setje inn energien og ressursane der vi ser vi får noko tilbake. Vi må gjere konkrete tiltak for å styrke tenestene våre i dag. Eigedomsskatt på næring er eit slikt tiltak. Eg forstår at bedriftene ikkje takkar ja til meir skatt. Men ønsker bedriftene å ha tilsette som bur og jobbar i Stad kommune, så er kvalitet i tenestene viktig.

Vidare kan ikkje kommunen setje i gong byggeprosjekt i ein periode med høg inflasjon. Pengar er ikkje gratis, og dei auka kostnadane kjem tilbake til innbyggarane sjølve. Det nyttar ikkje med svømmebasseng om ein ikkje har råd til lærarar. Dette betyr vanskelige prioriteringar der viktige prosjekt bør setjast på vent. Den dagen renta og gjelda er redusert og marginane er større, bør desse prosjekta realiserast.

Potensialet i befolkningsvekst er i dag oversolgt. Det skapar urealistiske forhåpningar hjå innbyggjarane, og gjer det enklare å godta næringsinitiativ som går ut over naturressursane våre. Lovnaden om arbeidsplassar og tilflytting vert nytta aktivt for utbygging av til dømes oppdrett kring Nordfjorden. Store og kostbare samferdselsprosjekt har også vist seg å ha særs diskutabel effekt på folketalet. Innbyggjarane vil ha meir att for at politikarane legg inn innsatsen på gang- og sykkelvegar kring skulane, og god og trygg vegstandard i det eksisterande vegnettet.

Håp og framtidstru gir energi og omstillingsevne. Her har Stad kome langt. Eg er ein av fleire som har valt å flytte til levande og dynamiske Stad. For å handtere utfordringane til kommunen i åra som kjem trengs det i tillegg ein sunn porsjon realisme. Det viktigaste Stad kommune kan gjere er å sørge for gode liv for oss om bur her.