Tid for dei minste

Alle barn i Stad kommune fortener kompetente og dyktige vaksne rundt seg i barnehagane – vaksne som har tid nok til å vere trygge og gode omsorgspersonar.

Det handlar om å kunne tilby eit best mogleg tilbod til våre minste gjennom heile barnehagedagen.

Det handlar om å ha tid nok til å kunne sjå det einskilde barnet og møte dei behov som barnet har.

Det handlar om at den vaksne har rett kompetanse.

Det handlar om å vere nok vaksne på jobb.

Det handlar om å legge til rette for trygge rammer som fremjar leik, utvikling og læring for alle små i barnehagane i Stad kommune.

Skal vi nå desse måla, meiner Utdanningsforbundet Stad at det er naudsynt å betre grunnbemanninga i barnehagane i Stad kommune. Det handlar om å prioritere kanskje det viktigaste vi har – Stad kommune sine yngste innbyggjarar!

Utdanningsforbundet Stad krev meir tid til dei minste i Stad kommune – no!