Tankar rundt Bryggja omsorgssenter: Nær, raus, skapande og heilhjarta?

«Verdas beste vesle stad» lyder visjonen som viser retning for utviklinga i Stad kommune, fram mot 2032. Kanskje skal de som folkevalde lese samfunnsdelen i kommuneplanen på ny?

Dette sidan sentrale delar i denne synest å ha blitt gløymd, eller oversett, i slutninga om avvikling av Bryggja omsorgssenter.

Styringsdokument som ikkje held mål?

De har ansvar for omfattande og samansette oppgåver som skal ta vare på innbyggjarar og lokalsamfunn. Kanskje skal de starte med å sjå tilbake på det som skal løfte kommunen opp og fram?

Verdiane som skal kjenneteikne Stad kommune fortel noko om kven, og kva, ein ynskjer å vere. Dette gjeld også kommuneorganisasjon. Verdiane er styrande for måten kommunen kommuniserer og prioriterer på. I kommuneplanen står det at det skal støttast opp om utvikling som tek samfunnet i retning av Stad kommune sin visjon. Verdiane til Stad kommune er:

«Nær»

Ein skal vere lett å nå, open, tilstades, engasjert, omtenksam og empatisk.

Har de brukt tid på å tenkje over og erkjenne andre sine kjensler og tankar? De kan kanskje prøve å setje dykk inn i situasjonen som dei eldre i samfunnet er i. Fleire som mottek heimetenester bur heime så lenge som mogleg og gjerne litt lenger enn det som er forsvarleg? Vi veit alle at eldre som bur på omsorgssenter og i bufellesskap også vil kunne trenge sjukeheimsplassar, på sikt.

I 2025 vil aldersgruppa over 80 år i Stad kommune ligge høgare enn landsgjennomsnittet. Korleis kan det då vere forsvarleg å avvikle plassar som er operative og som med noko oppgradering kan vere med på å oppretthalde gode tilbod i åra som kjem?

Tenk og vis at de bryr dykk om den aldrande befolkninga, bebuarane på omsorgssenteret, deira pårørande og dei tilsette. Å verte skammeleg og uverdig behandla er det siste sjuke og sårbare mennesker treng. Det er slitande for dei og gjer at dei kjenner seg redde og utrygge.

«Raus»

«Ein skal vere møtekommande, vise tillit, anerkjenne kvarandre og ulike perspektiv».

Gong på gong har Bryggja måtte kjempe for å behalde offentlege tilbod, men det har vist seg tungt, med lovnad på lovnad som ikkje held mål.

Er det dette Stad kommune ser på som å vere imøtekommande og å vise tillit?

Som fleire har skrive i tidlegare avisinnlegg er det ikkje lenge sidan det var valkamp og fleire kom med lovnad om å behalde Bryggja omsorgssenter.  Kva no?

«Skapande»

«Ein skal vere nytenkjande, løysingsorientert, ansvarleg, strategisk og modig».

Hugs at de er ansvarlege for liv og helse. I dag får alle med trong for pleie- og omsorgstenester i området Bryggja trygg og god hjelp innan rimeleg tid.

Korleis tenkjer de å løyse ein eventuell mangel på omsorgsplassar, når ein avviklar 16 omsorgsrom i kommunen?

Byggje nytt? Betale dyrt for ferdigbehandla pasientar på sjukehus?

Det har også vore skrive i avisa om at de skal ta stilling til nybygg neste år. De veit at det vil bli trong for meir plass. Då vert det dobbeltmoralsk å leggje ned allereie eksisterande omsorgsplassar.

«Heilhjarta»

«Ein skal gje av seg sjølv, ta eigarskap, vite at det du gjer betyr noko for nokon og gjere ting skikkeleg».

Hugs dette før de tek avgjerda den 15.12.23. Dette betyr noko for bebuarar, pårørande, tilsette og for ei heil bygd. Dette skaper ikkje ei positiv utvikling slik de i plandokument så hardt skal arbeide for å få til.

Det kan også bety noko for dykk som politikarar. Kven vil stemme på dykk ved neste val når alt de lovde berre viser seg å vere tomme ord?

Eg ber dykk tenkje dykk godt om og ta ei heilhjarta slutning i denne saka som ikkje berre gagnar i dag, for å få budsjettet til å gå i hop, men som også er god mange år fram i tid.

Hugs at kommuneplanen er Stad kommune sin overordna plan, og kommunestyrets viktigaste styringsdokument.

Spør du meg er de verken nære, rause, skapande eller heilhjarta. På dette punktet er det totalkollaps på så godt som alle punkt i eigen kommuneplan.

Kvifor lagar ein plandokument med mål om felles utvikling og endring som skal vere førande for framtida, om ein ikkje bryr seg med innhald som står svart på kvitt?

Samfunnsmålet i kommunen er: «Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag».

Det er skrive i kommuneplanen at «Stad kommune skal vere ein stad der folk vil bu, og at ein må satse på innbyggjarar, frivillige lag, organisasjonar og nærlingsliv som allereie er her».

Sist eg såg på kartet var også Bryggja ein del av Stad kommune, er dette gløymt heilt gløymt, slik det kan verke? Det skal vere like godt å bu på Bryggja som i andre delar av kommunen, og per i dag er det ein attraktiv plass å busetje seg. Det er vel ikkje berre Selje og Nordfjordeid som skal nyte godt av og få ei utvikling med samfunnsplanen til grunn? Bryggja har vel også krav på at det blir arbeidd for eit livskraftig og trygt samfunn på lik linje?

«Vi må også møte framtida som eit livskraftig samfunn, bli fleire. Vi må skape eit samfunn folk vil flytte til, men først og fremst eit samfunn der folk vil bu» er det skrive i planen.

Her snakkar vi om bulyst. Korleis skape bulyst og tiltrekke seg folk til distriktet, i tillegg til å skape attraktive arbeidsplassar? Ved å fjerne dei tilboda som allereie er i bygdene gjev ein signal om at ein ikkje lenger vil satse. Å avvikle omsorgssenteret er eit brutalt tap for bygda.

Korleis skal ein få folk til å bli buande eller motivere folk til å flytte hit dersom ein både fjernar trygge og gode arbeidsplassar, omsorgsplassar og viser at ein ikkje satsar på dei mindre bygdene?

Eg vil særleg trekkje fram eitt punkt, tilknytt samfunnsmålet.

«Sikre at innbyggarane i Stad får dekka sine grunnleggande behov for velferdstenester slik at dei opplever at det er trygt å bu i Stad.»

Den evige karusellen med avvikling av omsorgssenteret er ei sak som engasjerar og skaper stor uro i bygda. Mest uro og utryggheit er det likevel for bebuarar på omsorgssenteret, deira pårørande og dei tilsette. Ved ei avvikling feilar de også på samfunnsmålet i kommuneplanen. De seier det skal «opplevast som trygt å bu».

Ei tvangsflytting av dei eldre, frå trygge og gode omgjevnadar til nye ukjende institusjonar med nytt og ukjent personell kan skape uro, forvirring og er ei stor omvelting.

På Bryggja omsorgssenter er det trygge og gode rammer, bebuarane trivst og får den helsehjelpa dei har krav på. Er ikkje respekt for den enkelte brukars liv, integritet og menneskeverd viktig i denne saka heller?

Eg ber dykk å gå gjennom saka grundig med samfunnsplanen sine gode verdiar i minne.

Er det blitt gjort tilstrekkelege vurderingar og konsekvenstenking innanfor felta aldring og helse, for å kunne ta ei slutning om avvikling av Bryggja omsorgssenter?

«Ver nær, raus, skapande og heilhjarta».

Skal de i toppleiing og administrasjon, med vitande og vilje, setje til side statuttane som andre nedover i systemet i Stad kommune arbeider etter?

La Bryggja omsorgssenter halde fram å yte god omsorg og vere ein god arbeidsplass!