Helse Førde, Nordfjord Sjukehus, Stad kommune og innbyggjarane i Nordfjord

I vintermørket, etter den største mobiliseringa for skadeførebygging på fleire tiår, kjem nyhenda om at skadepoliklinikken er truga av nedlegging. Vi skadar oss ikkje nok – det er lite lønsemd i tiltaket.

Då kommunane i Nordfjord førebudde seg på ekstremveret “Ingunn”, var dei ei øving i å få kontroll på alle skadereduserande tiltak, finne kva som kunne gå gale - når og kvar, og sette inn bøtande tiltak. Kommunane i Nordfjord gjorde ein flott innsats og reduserte risiko for skade gjennom praktisk arbeid – sikre lause gjenstandar, stenge skular, rigge samband m.m.

I ein slik situasjon veit ein og at det ikkje er alltid ein kan førebygge alle ting – noko går jamnast gale, trass gode tiltak. Då er neste fase: kva skal til for at skaden skal bli så liten som råd, og korleis kan ein hindre at skade på menneske skal bli så lite omfattande som råd. For kommunane, som for innbyggarane, har kunnskapen om eit trygt sjukehus med ein skadelege tilgjengeleg vore ein av dei sikre korta. Ein av dei tinga som ikkje måtte kompenserast for. Slik må det halde fram å vere for innbyggarane våre.

Etter den store omorganiseringa i Helse Førde (HF) for knappe 15 år sidan, vart Nordfjord sjukehus peika på som “Framtidas lokalsjukehus”. Noko av det viktigaste med denne satsinga var å sikre god tilgang på dei vanlegaste tenestene nær der folk bur, og så sentralisere det som er meir spesialisert.

Dette må ikkje berre vere ord, det må heile tida også vere godt nok innhald. Framtidas sjukehus treng ein minimumskompetanse på kirurgi – det er det vi kallar sunt bondevet. Derfor vart det nedfelt i avtala mellom Stad kommune og HF, og ligg som vedtak i «Utviklingsprosjektet Framtidas lokalsjukehus». Dette vedtaket, denne skadepoliklinikken, gjer noko med dynamikken og tryggleiken for heile sjukehuset, kompetansemiljøet og tilsette sin opplevde arbeidskvardag.

I sjukepleieprofesjonens spede byrjing var det lavare kompetansekrav til sjukepleierar som skulle arbeide i distrikta. Truleg var eit byliv verd meir enn ei fiskarkone eller bondekjerring. Dette vart endra ved lov i 1948. Vi kan ikkje godta å kome tilbake til ein tankegang der distrikta vert nedprioritert på denne måten.

Det framstår ugreit at nok ein viktig del av tilbodet ved Nordfjord sjukehus vert plukka vekk. Frå før har vi mista gynekologi som tilbod. Også dette var nedfelt i avtala mellom HF og kommunen. Mangelen på denne tenesta medfører dårleg tilbod for kvinnene i Nordfjord – dei kvinnene ein ynskjer skal leve her, føde her og oppdra borna sine her. Det er ikkje sunt bondevet, slik vi ser det.

Det var ei svært krevjande omorganisering av spesialisthelsetenestene i Helse Førde i 2010/11, kanskje særleg for oss i Nordfjord. Vi har no ei samla organisering og fordeling av tenester som stort sett fungerer bra, og der vi sikrar god nok tilgang til både fagfolk og pasientar. Men alt heng saman med alt, og dette er skjørt.

Dersom skadepoliklinikken forsvinn, kan vi fort risikere at fleire Nordfjordingar med behov for skadebehandling på spesialisthelsetenestenivå vel å reise til Volda. Og i neste omgang kan fleire pasientar generelt velge å reise nordover. Det vil i tilfelle utarme pasientgrunnlaget for heile Helse Førde inkludert Førde sentralsjukehus, det har ikkje Helse Førde råd til.

Stad Arbeiderparti vil kjempe for å bevare det heilskaplege tilbodet ved Nordfjord sjukehus/framtidas lokalsjukehus, dette inkluderer skadepoliklinkken. Vi vil halde trykket oppe mot Helse Førde og vi vil ha respekt for menneska som lever liva sine i Nordfjord og sikre dei tenestene som er naudsynte.