(Opplærings) Basseng i Selje for å sikre likeverdige og langsiktige rammer for borna si symjeopplæring i heile Stad kommune.

Vi syner til sak 23/129- 23/40077 – Opplæringsbasseng Selje Skule:

FAU ved Selje skule og Flatraket skule, Foreldre i Selje barnehage og Flatraket barnehage har valt å kome med ei samla uttale og ynskjer at skrivet skal leggast ved saka til kommunestyremøtet 15.12.23.

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) og foreldre i barnehage stiller seg kritisk til kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak om å avslutte bassengplanane i Selje. Dette utan å legge fram ein klar visjon og strategi for vegen vidare for symjeopplæring og basseng i Selje.

Jf. forskrift til opplæringslova § 1–1 har skulen plikt til å gi elevane nok symjeundervisning slik at dei lærer å symje i løpet av barnetrinnet.

Norge svømmeforbund har antyda ein frå 1.–10. trinn treng ein total på 80–100 timar. Når det gjeld kompetansemåla fram til 4. trinn (frå 2020 er det kompetansemål på 2. og 4. trinn) har NSF sagt at ein i snitt treng 40 undervisningstimar for å meistre kompetansemåla.

Kompetansemåla som omhandlar symjing, sjølvberging og livredding er som følgjer:

2. trinn:

  • leike og utføre grunnleggjande øvingar med tilvenning til vatn, som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vatn

  • øve på trygg ferdsel ved vatn og på å kunne tilkalle hjelp

4. trinn:

  • vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke

  • ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land

  • øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen

7. trinn:

  • utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn

  • vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn

10. trinn:

  • utføre varierte symjeteknikkar og kunne symje ein lengre distanse basert på eiga målsetjing

  • forstå og gjennomføre livberging i, på og ved vatn ute i naturen

  • forstå og gjennomføre livreddande førstehjelp

  • vurdere risiko og tryggleik ved ulike uteaktivitetar, forstå og gjennomføre sporlaus og trygg ferdsel

Vi meiner at dagens løysing der utvalde klassar med svært få undervisningstimar totalt i basseng ikkje set borna først og må berre vere ei kortsiktig naudløysing! Ei naudløysing som allereie har vore brukt i altfor lang tid.

Eit basseng i Selje er ein føresetnad for å sikre ei heilskapleg, føreseieleg løysing og eit likeverdig tilbod for alle elevane i heile kommunen. Dette vil samstundes lette trykket og gje større tilgang til bassenget i indre del av kommunen. Etter vårt syn ein vinn-vinn situasjon.

FAU er klar over at det er opptil den enkelte skule å vurdere korleis tildelte symjetimar skal fordelast per klassetrinn, men vi undrar oss; «Kva er antal undervisningstimar for symjeopplæring i basseng for skulekrinsar elles i kommunen?»

Det er heilt klart store forskjellar i antal symjetimar for elevar i indre og ytre del av kommunen. Eksempelvis får elevar i ytre tilbod om 2–3 timar symjeundervisning medan andre klassetrinn ikkje får tilbod om dette i det heile.

Vi veit også at for borna i indre del av kommunen ligg antal timar symjeundervisning i basseng langt høgare. Dette har fått halde fram etter kommunesamanslåinga. Ei slik forskjellsbehandling av borna i same kommune kan ein ikkje lenger akseptere.

Det er lang reiseveg for dei aller yngste som får tilvenjing i vatn, det gjeld òg barnehageborna våre i ytre. Dei reiser til Nordfjordeid med buss for tilvenjing. Det er flott at kommunen gir dette tilbodet som ikkje er lovpålagt, og som ein får tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland. Men kva skjer om ein ikkje får dette tilskotet innvilga, forsvinn då tilbodet for alle barnehagar i kommunen?

Det fjernar uansett ikkje det faktum at det er for langt for 5. åringar og barnetrinnet elles å reise kl. 09:30 og vere attende i barnehagar kl15:30. Eit basseng i ytre vil fjerne denne belastninga, og gjeve dei yngste og mest sårbare borna våre mykje meir tiltrengt tid for tryggleik og tilvenjing i vatn.

Vi har eit av dei mest krevjande havstykka langs norskekysten som næraste nabo. Det er livsviktig at borna våre er trygge i vatnet og ikkje minst, vere ein livreddar for seg sjølv og kvarandre. Vi forventar at Stad kommune tek sitt lovpålagde ansvar for symjeundervisning seriøst, snur kvar stein og undersøker ytterlegare moglegheiter for korleis eit basseng i Selje kan realiserast, slik at vi får likeverdige og langsiktige rammer for borna si symjeopplæring i heile Stad kommune.

Vennleg helsing Selje skule FAU Flatraket skule FAU Foreldre Selje barnehage Foreldre Flatraket barnehage