Velkomen til ein skule for alle i Kinn

Om kort tid startar mange håpefulle barn og unge i Kinn på skulen igjen. Det er ei spennande tid anten ein skal begynne i 1.klasse, på ungdomsskulen eller på vidaregåande.

Samtidig veit vi at ikkje alle gler seg til skulestart. Det er ikkje alle kjenner på meistring, trivsel eller det å høyre til. Då er det viktig at vi brukar skulestarten til å minne kvarandre på det ansvaret vi har for å leggje til rette for ein god inkluderande skule som gir alle moglegheit til å lukkast.

Eit tett og tverrfagleg samarbeid mellom kommunen sine tenester retta mot barn og unge og gode overgangar mellom barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring gir det beste grunnlaget for å meistre livet. Vi skal lære av kvarandre og bygge vidare på det vi er gode på. Kinn kommune har heldigvis mange flinke tilsette som gjer ein utruleg viktig jobb på laget rundt elevane våre kvar einaste dag.

Gjennom gode tenester og tidleg innsats kan mange få viktig og avgjerande hjelp og støtte. Det har over tid vore mykje fokus på psykisk helse.  Vi tek barn og unge si psykiske helse på alvor og vil arbeide for fleire lågterskeltilbod i kommunen vår. Vi vil sikre midlar til skulehelsetenesta, at det skal være helsesjukepleiar til stades på alle skulane våre og oppretthalde helsestasjon for ungdom i begge delar av kommunen vår.

For Arbeidarpartiet er det viktig å styrke laget rundt eleven for å bygge eit godt sosialt læringsmiljø slik at fleire meistrar og fullfører skuleløpet.

Vi har to vidaregåande skular i kommunen vår, med gode og viktige opplæringstilbod for ungdom og næringsliv. Arbeidarpartiet vil bygge vidare på dei opplæringstilboda vi har og legge til rette for at alle kan fullføre opplæringa si der dei bur. Arbeidarpartiet i posisjon har satsa på miljøkoordinatorar på alle skulane, gratis skulefrokost og tiltak for psykisk helse. Det er dei siste to åra også løyvd 70 millionar kroner ekstra til fornying av læremiddel og utstyr.

Det viktigaste i livet er også det viktigaste i politikken, og difor prioriterer Arbeiderpartiet barn og unge både i kommunen vår og på fylket.  Skulane våre skal være ein trygg arena for meistring, trivsel og utvikling for alle. Frå grunnskule til vidaregåande opplæring. For alle.

Hugs at det er to val i år, og at begge vala er viktig for born og unge i kommunen vår. Fordi vi får til meir saman enn kvar for oss. Godt val.