Stad skipstunnel: Prosjektet må halde fram

Stad Høgre er særs skuffa over at Ap/Sp-regjeringa i sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett vel å utsetje Stad skipstunnel.

Dette prosjektet er sett i gang ved vedtak i Stortinget i 2021 og Kystverket mottok tildelingsbrev i 2021.

Prosjektet er kome godt i gong. Det har allereie vore mange utgreiingar, og no skal det bestillast enda ei utgreiing.

Å setje prosjektet på vent no er ein hån mot alle dei som har lagt ned ressursar i den tru at det vil bli igangsett:

  • Huseigarar og grunneigarar har selt eigedomar: Dette er eigedomar eigarane gjerne kunne tenkt seg å behalde, men som er blitt innløyst for å mogleggjere prosjektet.

  • Næringsaktørar har investert: Mange aktørar har brukt midlar til å førebu seg på å kunne nyttiggjere seg av steinmassar, posisjonere seg for næringsaktivitet i samband med bygging og for framtidig næringsaktivitet etter at tunnelen er realisert. Dette kan no vere pengar ut vindauget for dei aktørane som har satsa.

  • Kommunane har brukt av sine ressursar: Kommunane Stad, Kinn og Vanylven har brukt mykje midlar for å førebu planverk til å kunne gjennomføre byggeprosess og handtere steinmassar. Dette er midlar som kunne vore nytta til andre føremål om prosjektet no vert utsett.

Stad skipstunnel har massiv støtte frå heile kysten, både i fylkeskommunar, kommunar, NHO Vestland, reiarlag og havbruksnæring. Desse representerer ein stor del av verdiskapinga langs kysten og på nasjonalt plan.

Ei realisering av Stad skipstunnel vil byggje opp under grøn skipsfart og gjere mogleg ein større andel overføring av godstransport frå veg til sjø og dermed bidra til å oppnå CO₂ -måla som vi er forplikta til.

Svært mange typar nyttefartøy er avhengige av å passere Stadhavet gjennom året og blir såleis forsinka når vêrforholda gjer at ein må vente før ein kan leggje ut i havet. Det er store verdiar som går tapt kvart år. Ei innaskjers passasje vil auke pålitelegheita til leveransane for dei ulike aktørane og gje meir sikre leveransar. Betre sikkerheit og regularitet for råstofftransport, servicefartøy og andre gjev store ringverknader vidare i næringskjeda og for samfunnsøkonomien.

Stad skipstunnel vil bli ein turistattraksjon som vil medføre ytterlegare popularitet i vårt vakre landskap og dermed skape vekst i reiselivsnæringa.

Ei samanhengande hurtigbåtrute frå Bergen til Ålesund er mogleg med ei realisering av tunnelen. Dette vil medføre betre kommunikasjon langs kysten som igjen vil ha effekt på bulyst og gjere pendlaregionen større. Stad-regionen vil bli meir sentral enn i dagens situasjon der vi er ein utkant både i Vestland og Møre og Romsdal.

Ei realisering av Stad skipstunnel er god:

  • Samferdslepolitikk

  • Miljø- og klimapolitikk

  • Næringspolitikk

  • Distriktspolitikk

Enda ei kostnadsutgreiing vil mest sannsynleg forsinke prosjektet og ende opp med enda ei kostnadsauke på totalramma.

Ei utsetjing vil også påverke investeringslyst, optimisme og bulyst i lokalsamfunna i vårt distrikt.

Stad Høgre forventar at Stortingets vedtak frå 2021 og tildelingsbrevet til Kystverket vert følgt opp med midlar i revidert nasjonalbudsjett til å halde fram prosjektet utan ytterlegare forseinkingar.