Snorres kongesagaer, eller det som gjerne berre kallast Heimskringla er litterære, ja nærmast geniale meisterverk. Snorre Sturlason blir gjerne samanlikna med antikkens Homer, og sogene hans med sjølvaste Iliaden og Odysseen. Stilen er knapp og rett på sak, der dei ymse hendingane og personane er skildra kort og fyndig. Snorre styrer klar alt utanomsnakk. Han held seg til dei store linjene, der til dømes Tormod Kolbrunarskald sin død ikkje på nokon måte blir utbrodert: «Så halla han seg attover, og var daud». På same måten blir menneskelege feil og toskeskap kort og godt orsaka såleis: «Ein feil kan heimsøkja einkvar mann»!

I slaget ved Svolder spente Einar Tambarskjelve bogen sin slik at han brast. Då ropte Olav Tryggvason: «Kva brast so høgt»? Einar svarte: «Noreg or handa di, konge»! Einar fekk då bogen til Olav, men fann han lite brukande, og då fall orda: «For veik, for veik er kongens boge»!

Olav Tryggvason fall i slaget ved Svolder, anten det no skuldast bogar som brast, eller om dei var for veike. I desse dagar spør eg meg om norske styresmakter har utstyrt seg med bogar som ikkje held mål, og om feila har heimsøkt dei litt i meste laget. Bakteppet er noko så direkte absurd som at vi i vasskraft-stormakta Norge høyrer antatt ansvarlege styringspersonar bruke orda «rasjonering av straum»! Er det mogeleg? Alt medan vi i juli månad held på å regne vekk, og eksport av elektrisk kraft går for fullt til nasjonar som har stelt seg slik at dei er direkte avhengige av russisk gass, og norsk – naiv? – godvilje.

Det er sjølvsagt greitt at vi gjev gode naboar ei hjelpande hand i ei vanskeleg tid. Men mykje tyder på at kraft-Norge er på veg ut av hendene til Jonas Gahr Tryggvason og Trygve Slagsvold Tambarskjelve. Vatnet renn ut av magasina våre i urovekkjande tempo, og Moder Natur greier ikkje å halde fylgje. Storbritannia, Tyskland og fleire takkar og bukkar i form av kraftprisar som er uhøyrde her til lands, og som vi «importerer». Jonas og Trygve slår ut med dei hendene som synest makteslause, men smiler truleg i løynd over kalkulatoren. Eg kan ikkje med min beste vilje sjå at det tener det norske folk at vi gjev naboane dei beste kleda våre, og vi sit att i berre fillene. Eller at vi matar dei med fårikål og biff, og sjølve må nøye oss med rasjonert vassgraut.

Rimeleg, ikkje-forureinande elektrisk kraft har vore eit eineståande aktivum for nasjonen Norge. Ho har gitt lys og varme i alle hus, og vi har brukt ho til å byggje flotte industrimiljø. Det bør vere bortimot innlysande at vi held våre eigne hjul i gang utan å flå bedrifter og privatpersonar, og i den grad vi måtte ha meir enn vi brukar sjølve, så sender vi gladeleg overskotet til dei som måtte trenge det. No blir det peika på avtaler om kraftutveksling, men ei kvar avtale må kunne reforhandlast og justerast i ei krisetid. Og når ordet «rasjonering» blir brukt, så nøler eg ikkje med å kalle det ei krise.

Vi får berre vone at Jonas og Trygve utstyrer seg med bogar som ikkje brest, og at det ikkje går med verken dei eller oss som det gjorde med Tormod Kolbrunarskald. Vonleg hallar vi oss berre attover, men då med senka skuldrer, og overkomelege tal på rekninga av den straumen som ikkje treng å rasjonerast.