Fredrik Egeberg spør i eit lesarinnlegg i Fjordenes Tidende om det er nokon som trur dei som vil reversere kommunen og bli Vågsøy att er dumme. Eg kjenner på kallet og vil gjerne rekkje opp handa.

Hallo forresten, til dykk ute på kysten. De kjenner ikkje meg. Eg kjem frå frukthagane i Sogn, der hagane blømer over av eple og statlege arbeidsplassar. Der høgskulen og handel gjer at husprisane ikkje står tilbake for dei største byane i landet. Der folketalet veks og den største utfordringa i næringslivet er å få tak i nok folk til å fylle alle dei nye stillingane dei treng.

For de som ikkje veit kven eg er så var eg ordførar i Leikanger. Eg var sterkt i mot tvangssamanslåinga av min eigen kommune og like kritisk til fylkessamanslåinga. Men eg trur på ingen måte at ei oppløysing er nokon genistrek. Tilbake til framtida er nok ikkje vegen å gå for nokon av oss.

Når det er sagt. Vi heier på dykk. Om de løyser opp den største kystkommunen i gamlefylket så har vi inni fjordane mest å tene på det. Faktisk kan vi le heile vegen til Stortinget på tokt etter fleire statlege arbeidsplassar, meir vegmidlar eller nye liner på høgskulen her inne.

Eg forstår at de er stolte av heimstaden, identiteten dykkar og fellesskapet i Vågsøy. Men særleg hard valuta i politikken er det ikkje. Gjennomslaget de får med Kinn er noko vi i Sogn kan vere uroa over. Men det vert nok omvendt av matematikken i politikken. Minus og minus vert ikkje pluss.

Eg mistenker at de let dykk mest styre av kjensler og tru. Det er oftast ikkje det beste grunnlaget å fatte avgjerder på. Men kva veit eg?

(For ordens skuld er eg fødd i Florø, men heiar på Mjøndalen. De hadde ikkje tort anna de heller om de hadde mor mi på laget.)