Når ein er så heldig å få vere innom ei fotballturnering, ser ein at fotball handlar om så mykje meir enn berre sporten.

Under fotballturneringa Kongleriket Miniputt på Stadlandet var det eit ekstra fokus på fair play og inkludering. På Stadlandet stadion var dette symbolisert med regnbogeflagget, som står for respekt for medmenneske og toleranse. Desse verdiane vart også markert med gode haldingar frå kampvertar og fotballdommarar frå idrettslaget. Fair play handlar også om å vere gode førebilete for andre, og det er flott å sjå ein 14 år gammal dommar vere nettopp det for ein 6-åring som spelar sin første fotballkamp.

Det er mykje arbeid for eit idrettslag å gjennomføre ei fotballturnering. Som alle andre frivillige lag og organisasjonar er ein heilt avhengig av dugnadsinnsats for å kome i mål. Det er imponerande å sjå kor mykje arbeid som blir lagt ned for at barn og unge skal ha eit godt fritidstilbod.

Fotball kan også ha ei samlande effekt, også for dei som ikkje spelar aktivt. Fleire har sine spesielle favorittlag, og når ein diskuterer fotball har ein lov til å vere svært usamde. Det er eigne sosiale spelereglar når ein diskuterer kva fotballag som er det beste. Dette kan kanskje for somme vere irriterande, men det kan også bli ganske underhaldande.

Regnbogeflagget står for respekt for medmenneske og toleranse. Foto: Kristianne Myklebust Fagerli

Under fotballturneringa på Stadlandet kunne mange barn oppleve meistring og glede. Dette vart forsterka av positive tilrop og heiing frå medspelarar og publikum. Også publikum hadde fått rettleiing på korleis dei skulle oppføre seg på sidelinja. Fotballen kan engasjere, og det har opp gjennom historia dessverre vore nokre uheldige episodar der vaksne har kjefta på unge dommarar og spelarar. Dette har det heldigvis blitt mykje mindre av. Idrettslaga og fotballklubbane har jobba godt og systematisk med fair play og inkludering.

All ære til dei som brukar fotballen til å spreie gode haldningar og verdiar.