Det er kommunestyret som bestemmer

Vi er for tida vitne til eit veldig spesielt politisk spill i Kinn-politikken. Alle parti utanom Ap og KrF gjekk saman om eit budsjett for dette året, der ein del av dette samarbeidet var at vi skulle få på plass igjen det kommunale kjøkkenet i Måløy. Vedtaket påla kommunedirektøren å legge fram ei sak før 1. mars på korleis det lar seg gjøre. Det gjorde han ikkje. I staden prøver han no å få til ein omkamp der han foreslår det motsette, eit felleskjøkken i Florø for heile kommunen. Dette har han sendt inn som sak til komande Helse-, sosial- og omsorgsutvalsmøte den 30. mai. Vi synest dette er både underleg og kritikkverdig. Eit vedtak i kommunestyret er bindande for administrasjonen. Det er ei marsjordre. Kommunedirektøren kan gjerne vere ueinig og meine at ein burde løyst saka på anna måte. Men så lenge vedtaket står så skal det utførast.

Derfor er det Raudt sitt syn at saka ikkje burde vere sett på sakslista til HSO. Å diskutere kva kjøkkenløysing ein skal velje i Florø framover er både fornuftig og rett, men for Måløy er saka avgjort. Kjøkkenet skal gjenopprettast.

Vi har ikkje fått noko signal om at nokon av budsjett-samarbeidspartia har skifta meining i denne saka. Raudt vil foreslå i HSO-møtet på tysdag at ein sender saka tilbake til administrasjonen med grunngjeving i at for Måløy sin del så er saka om kjøkken allereie avgjort av kommunestyret og at HSO-utvalet ikkje ser at ein har anledning eller myndigheit til å overprøve det på noko vis.

Vi håper, og forventar eigentleg, at også Ap sine to representantar i utvalet ser det prinsipielle i dette spørsmålet slik at denne typen uryddigheit ikkje får fotfeste eller legitimitet i Kinn-politikken. Vi må leve med at omkampar kjem av og til, men omkamp på eit kommunestyrevedtak satt i scene av kommunedirektøren i eit utval underlagt kommunestyret, det må avvisast.