Både FAU og tilsette ved Skavøypoll skule trudde ikkje det dei såg då dei fekk tilsendt ei undersøking frå Skyss. Det fylkeskommunale transportselskapet vurderer å innføre skuleskyssbillett på mobil også for elevar i 1. -7. klasse.

Skyss oppfordra skulen til å sende ut ei undersøking der foreldra vart spurde om blant anna: Har ditt barn ein smarttelefon? Når meiner du det er best at barn får sin første smarttelefon? Kor mange i klassen til barnet ditt har smarttelefon?

Både rektor og FAU (Foreldra sitt arbeidsutval) reagerte kraftig på dette. Det enda med at ein i FAU var einige om at denne undersøkinga ville ein ikkje be foreldra svare på. – Vi er alle einige om at dette synest vi ikkje noko om. Vi vil heller ha mobilfri skule. Det er der fokuset bør vere, seier leiaren i FAU ved Skavøypoll skule til Fjordenes Tidende.

Ei klok avgjerd av rektor og FAU ved Skavøypoll skule. Det er allereie eit stort kjøpepress i samfunnet i dag, og skyssbillett på smarttelefon gjer ikkje dette presset betre. Ei undersøking der ein vil kartlegge kor mange barn i ei klasse som har mobiltelefon kan også i seg sjølv utløyse ytterlegare kjøpepress.

Skavøypoll skule vil til liks med mange andre skular vere mobilfrie skular. Dei meiner at både læringsmiljøet og skulemiljøet blir betre utan at mobiltelefonen er framme i skuletida. Også kunnskapsministeren har sett i gong eit arbeid i Utdanningsdirektoratet som skal ende med ei tilråding om at skulane skal vere mobilfrie.

Forsking har konkludert med at i mobilfrie skular gjer elevane betre fagleg og der er mindre mobbing. – Effekten av mobilforbod er ganske store. Det har ein positiv påverknad på skulekvardagen til elevane, seier forskar Sara Abrahamsson til VG.

Skyss seier til Fjordenes Tidende at dei ikkje ønsker å bidra til kjøpepress blant unge, men då skulle dei kanskje gjort ei ny vurdering av haldningsundersøkinga si?