No må vi sjå framover – saman

I folkerøystinga om Kinn si framtid sa fleire ja til å utvikle Kinn, enn å avvikle Kinn. Dette er i tråd med det Kinn Venstre har arbeidd for heile tida, og vi er glad for at resultatet blei slik.

Like fullt konstaterer vi med ein stor dose ydmykheit at mange har stemt for å avvikle kommunen. Vi har veldig stor forståing for at mange har røysta slik, og vi høyrer mange ulike årsaker til at det er slik. Dette tar vi på alvor.

Det er forståeleg at mange innbyggjarar har opplevd mange år med støy, krangling og negativ omtale om Kinn som utfordrande. For mange har dette aleine motivert til deling. Vi kjenner sjølv på det same. Det er tidvis svært lite triveleg å drive politikk i eit slikt klima. Det har vore ein unntakstilstand heile vegen, som har gjort at nødvendig omstilling, nyskaping og satsingar (til dømes viktige investeringar) har blitt vanskeleggjort.

Når vi heile tida har vore positive til Kinn kommune handlar det om at vi ser at bildet er langt meir nyansert, enn det enkelte profilerte motstandarar vil ha det til. Dei største utfordringane i Kinn, kjem ikkje av Kinn, og var der like mykje om ikkje meir i dei gamle kommunane. Fordelane er fleire enn ulempene, som også BDO konkluderte med. Den kvardagen vi ser er ein med større gjennomslag for kysten, betre tenester til innbyggjarane og at ting går seg til. Når ein vil, så klarar til og med politikarane å arbeide saman på konstruktivt vis. Det beste dømet her er arbeidet i planutvalet, der det er positive tilbakemeldingar frå alle parti på at samarbeidsklimaet er godt.

Vi har invitert til medlemsmøte i Kinn Venstre måndag kveld. Då vil vi diskutere vegen vidare, og korleis vi handterer kommunestyret 7. september.

At alt har handla om «skal vi ha Kinn?» gjer at det har vore umogleg for oss som heller vil bruke tida på det verkeleg viktige spørsmålet: «Korleis vil vi ha Kinn?» Det er mange saker der vi hadde handla annleis om ikkje sakleg konstruktiv kritikk frå vår side hadde blitt brukt i ei einsidig svartmaling av kommunen. Det er synd, for vi treng også kritisk debatt. Derimot treng vi ikkje usakleg og misvisande negativ støy, for støyen sin del. Vi håpar alle no kan bruke tida framover til å gjere kommunen betre, samarbeide på tvers av parti - legge kampen om Kinn bak oss - og gjere jobben vi er vald til av innbyggarane. Vi har alle føresetnader for at Kinn skal fungere bra, men då må alle no ville det og handle deretter. Det er på høg tid.

Med helsing