Skryt av lærarane. Så lenge vi har dei

Stad kommune får ei høg plassering i Kommunal Rapport si kåring om tilstanden i norske kommunar. Særleg skulen gjer det bra i kåringa.

Ifølge kommunen sjølv er grunnen at dei klarar å gi tenester til ei låg kostnad. Det høyrast jo bra ut, men kva ligg eigentleg bak «gode tenester til ein låg kostnad» i skulen?

Det du ikkje les om i kåringa er stadige kutt i stillingar og ressursar. Det gjev blant anna stor sårbarheit ved sjukdom. Lærarar seier rett ut at om ein av dei vert sjuke driv dei ikkje med undervisning lenger, men oppbevaring.

Bak den rimeleg drivne skulen ligg tilsette som brukar tida på brannsløkking i staden for undervisning, dei brukar mykje krefter på å sy saman ein timeplan som må gå i hop med få tilsette.

Bak den rimeleg drivne skulen ligg alle lærarane som må strekke seg endå lenger for å kunne gi trygg og god undervisning.

Vi kan takke lærarane for den gode skulen i Stad kommune. Dei er superheltar alle som ein, men dei er for få og har for lite ressursar. Lærarane klarar stadig å drive skule, fordi dei ikkje får til å gjere ein dårleg jobb. Dei ser borna dei har på skulen og dei har samvit. Då vert det at dei strekk strikken enda lite grann.

Ein dag ryke strikken.

Men vi trur det går an å gjere noko med det før den ryke.

For det fyrste ynskjer vi å endre det store biletet som er mala om at det berre er stort som er godt. Ein likar å snakke om effektivitet gjennom stordriftsfordelar.

Grunnlaget for all læring er tryggleik, noko mindre skular får best til. Difor ynskjer vi å framheve smådriftsfordelane med skulane i Stad. Då må vi løfte blikket opp frå den eine posten på budsjettet som heiter skule og sjå dei verdiane ein god og trygg skula sparar oss lenger framme. Trygge born med ein trygg skulekvardag treng ikkje oppfylging av helsetenesta fordi dei har falt utanfor.

Det er pengemangel. So enkelt fordi vi veit kva som trengst og det er fleire lærarar. So vanskeleg fordi lærarar kostar pengar vi ikkje har. Då må vi skaffe dei.

Vi har eit konkret forslag om å ha skatt på næringseigedom. Motstemmer seier det ikkje vil monne, men vi tenkjer det absolutt vil monne med nokre millionar som kan gå til lærarstillingar skulen verkeleg treng. Får ein etter kvart inn 7–8 millionar i denne skatten kan det gi 10 lærarstillingar. Vi synest det monnar nok til at denne skatten bør innførast.

Vi foreslår derfor:

Til lærarane i Stad, takk for ein trygg og god skule, helsing næringslivet i Stad.