Gårsdagens nyheit om at regjeringa altså vel å sette Stad skipstunnel på vent var svært skuffande.

Vi i Stad INP stiller oss i lag med våre partikollegaer frå andre parti i Stad, i Vestland og langs kysten svært undrande til kvifor regjeringa no vel å gjere som dei no gjer. Inntrykket ein har hatt heile vegen no er at byggestart er like om hjørnet og at prosjektet har fått grønt lys ein gong for alle.

Men no kjem det altså tydelege signal frå regjeringa om at ein nok ein gong ønsker å legge opp til ei ny utgreiing for eit prosjekt som truleg er eit av Noregshistoria sitt mest greia ut. Det finst altso ikkje grenser på kor langt ein kan dra strikken for å trenere dette.

Ap og Sp vender no totalt ryggen imot kysten og Vestlandet. Dei vil altså ikkje høyre på fylkes- og lokalpolitikarane sine, og dette kan vanskeleg oppfattast som noko anna enn eit svik, eit totalt løftebrot og ei hån i mot heile Vestlandsregionen.

Eg har lyst å sitere Alfred Bjørlo når han seier «Enda eit prov på at Ap/Sp-regjeringa er tidenes mest kyst- og Vestlands-fiendtlege. Venstre reagerer sterkt på at Vestlandet ser ut til å ha blitt Støre-regjeringa sitt mobbeoffer, der alt som skjer på vår kyst enten skal skattast i hel eller stoppast»

For det er akkurat det regjeringa Støre no legger opp til. Atter ein gong held dei Vestlandet og heile kysten for narr.

Ein forstår fullt ut at dette skaper sterke reaksjonar, frustrasjon og usikkerheit!

Sett i lyset av statlege rekordinntekter, og trass i at finansminister Vedum no blar opp 56 milliardar oljekroner ekstra så finn altså ikkje regjeringa rom for lovde og planlagde oppstartsmiddel til Stad skipstunnel i revidert budsjett.

Det finst ikkje eitt einaste godt nok argument til å verken utsetje eller å stoppe Stad skipstunnel-prosjektet, og då iallfall ikkje på målstreken! Prosjektet er klart, Kystverket er like om hjørnet til å lyse ut anbod, oppkjøp av eigedomar rundt tunnelområda er i gong og folk har allereie flytta, nokre er allereie i gong med å bygge seg nye hus, andre har allereie etablert seg i nærområdet. Det jobbast fullt ut med å ferdigstille reguleringsplanar og førebu for byggestart, og Kystverket omtalar prosjektet som igangsett.

Stad kommune og kommunane rundt oss har i lag med offentlege og private aktørar og næringsliv brukt årevis med ressursar og mange titals millionar kroner på å legge til rette og planlegge for prosjektet.

Stad skipstunnel har eit enormt potensial og vil kunne bidra sterkt til utvikling av næringsareal, verdiskaping og investering på land. Mykje framtidsretta næring og utbygging av nye, eksisterande og framtidsretta næringsområde er tilrettelagt med tanke på og i tilknyting til Stad skipstunnel. Offentlege og private aktørar fryktar no at investeringar skal gå tapt

Stad skipstunnel er eit svært berekraftig og framtidsretta prosjekt, som vil flytte meir gods frå veg over til sjø som er i tråd med miljøsatsinga og målet om lågare utslepp.

Skipsfarten langs kysten vil auke med åra som kjem, og grønare skipsfart vil utgjere formidable reduksjonar i utslepp. Ved å flytte meir godstransport frå veg til sjø oppnår ein også mindre og sikrare trafikk på veg, i tillegg til mindre slitasje og behov for utbygging av vegnettet. Tunnelen vil ikkje minst sterkt bidra til risikoreduksjon for uønskte hendingar og ulykker til sjøs. Vi brukar årleg store summar på vegsikkerheit, og sjøsikkerheit kan ikkje tolkast annleis.

Vestland fylke, Møre og Romsdal fylke, LO, NHO, Noregs Fiskarlag, Kystrederiene, Bellona samt næringsforeiningar langs heile kysten stiller seg bak prosjektet som er nasjonalt viktig for veldig mange. Ringverknadene vil vere og er enorme.

Å no utsette eit nasjonalt prosjekt som Stad skipstunnel, som det einaste store investerings og utbyggingsprosjektet på Nordvestlandet verkar veldig dårleg gjennomtenkt og ikkje særleg klokt. Prosjektet er hundre prosent ferdig greia ut og kvalitetssikra, vi treng ikkje fleire!

Store delar av kostnadsauken som regjeringa no brukar som argument er knytt til generell prisvekst. Det er dessutan aldri før bygd ein skipstunnel, derfor vil rammene rundt risikokostnader uansett justere seg i forhold til planlagde og faktiske kostnader. Dette er ikkje nytt kome på i større samferdselsprosjekt. Utsettingar er uansett dårleg butikk og vil som kjent medføre til større kostnader enn det man opphavleg har estimert.

Hadde skipstunnel-prosjektet lege i Oslofjorden, hadde det mest truleg vore sett i gang og vore ferdig bygd for 20 år sidan!

Stortinget har vedtatt bygging av tunnelen, og regjeringa Støre bør no tenke seg grundig om på korleis dei skal stå fram som truverdige i ettertid i måten regjeringa no går fram på

Vestlendingane er kampklare, vi i Stad INP er kampklare, heile kysten er kampklare! No brettar vi opp erma enda ein gong, og vi skal kome i mål. Stad skipstunnel skal byggast og no krev vi soleklare garantiar for dette!

Vi har venta lenge nok, få Stad skipstunnel ut på anbod – Kysten vår treng den!