Vi går inn i tida for tradisjonar. Fjordenes Tidende vil også i år gjerne ha tips til kven i lokalsamfunnet vårt som fortener å få ei lita merksemd i tida fram til jul. Gjennom «Nokon å glede» ønsker vi å glede dei som brukar tida si på å glede andre i lokalsamfunnet.

Til å finne ut kven som skal få ei julestjerne i desember, treng vi di hjelp. Veit du nokon som er flinke til å dele glede og spreie varme rundt seg, som stiller opp for andre og gir ei hjelpande hand når det trengst? Kjenner du nokon som aldri seier nei når det handlar om å stå på for andre? Tips oss!

2022 er den frivillige innsatsen sitt år. Derfor er det heilt på sin plass å løfte fram og heidre nokre av dei mange eldsjelene og drivkreftene vi har rundt oss. Ekstra kjekt er det om lesarane av Fjordenes Tidende kan få gleda av å bli endå betre kjent med nokon av desse gode medmenneska.

Vi ber derfor om at de som tipsar oss kan skrive litt om personen, og kvifor nettopp han eller ho fortener julestjerna. Det kan til dømes vere ein god nabo, eit lag eller ein organisasjon, ein medlem i ein dugnadsgjeng eller berre eit godt medmenneske.

I år blir dette Fjordenes Tidende sin julekalender til lesarane. Kvar dag frå 1. til og med 24. desember vil vi trekke fram og heidre ein av dei dei gode aktørane der ute på nettstaden vår, fjt.no. Blant dei innsende tipsa vil nokre også bli trekt ut og få ei julestjerne før jul.

I papiravisa vil du i kvar utgåve fram til jul finne annonsen «Nokon å glede». Den kan du klippe ut, skrive nokre ord om din julestjernekandidat og kvifor vedkommande fortener litt ekstra ros, og sende til oss.

Du kan også skrive eit brev, eit kort, sende oss ein e-post på fjt@fjt.no eller ringe inn tipset ditt på 57 84 90 00.

Tusen takk til alle som sender oss tips!