Korleis bygge tillitt?

Ifølge innbyggarundersøkinga kommunen har gjennomført er Kinn spesielt dårleg når det gjeld to ting: 1. Innbyggarane sin tillit til dei folkevalde og 2. Dei folkevalde lyttar ikkje til eigne innbyggarar.

Dette heng jo sammen. Når folkevalde ikkje vil lytte til eiga befolkning, vil folket heller ikkje ha tillit til slike folkevalde. Som nokon sa ein gong: Politikarforakt skuldast politikarane si forakt for folkemeininga.

Det burde vere enkelt å forstå for dei fleste at når eit så stort fleirtal av innbyggarane i Vågsøy og ein stadig voksande del av innbyggarane i Flora berre blir parkert av eit fleirtalsvedtak slik det skjedde i spørsmålet om deling av kommunen, så avlar ikkje dette tillit.

Når viktige element i den avtalen som låg til grunn for at samanslåing skulle få fleirtal ikkje lenger gjeld, så avlar ikkje slikt tillit. Då føler folk seg lurt.

Så kva gjer vi? Kva må til for at folk skal ha tillit til politikarane?

Vi som er folkevalde/politikarar må vere ærlege. Vi må seie kva vi vil gjere og vi må gjere det vi seier. Det betyr mellom anna at vi må følge det vi går til val på. Ikkje be oss om å stå for noko anna enn det vi lovde velgarane at vi skulle gjere. Sjølvsagt skal vi samarbeide og finne kompromiss. Ingen får igjennom alle sine hjartesaker åleine. Samstundes må vi ha respekt for at politikk er interessekamp og at parti ofte representerer ulike interesser – også lokalt.

Så må vi vere ærlege når vi har «drite på draget». Ta kjøkkensaka i Måløy: Eit stort fleirtal av partia i kommunestyret gjekk tidleg i perioden inn for å legge ned kjøkkenet. Vi i Raudt var blant dei få som gjekk imot. Vi sa at dette er heilt imot folkeviljen i Vågsøy og sannsynlegvis ingen innsparing i. No er det blitt eit stort fleirtal for å starte opp att dette kjøkkenet. Kor er erkjennelsen frå dei som tok feil? Kor er unnskyldninga for all den frustrasjonen som mange er blitt påført dei åra som er gått sidan nedlegginga?

Og vi må passe på å vere forbilde. Vi kan ikkje gå inn for nedskjeringar og dårlegare tilbod til innbyggarane og samstundes skru opp eigne godtgjersler. Det er fellesskapet sine pengar vi forvaltar. Det er ikkje akkurat tillitssakapande at Stortinget som ei av sine siste handlingar før ferien, vedtok å sette opp si eiga årslønn med over 40.000 kroner til over 1,1 millionar. Som i neste omgang fører til at mange ordførarar, Kinn inkludert, får tilsvarande auke. Og mange av godtgjerslene til folkevalde bygger vidare på ein prosentsats av ordførarlønna. Dersom folk sit igjen med ei (rett) oppfatning av at alt må skjerast ned på utanom betaling til dei folkevalde, då bygger vi ikkje tillit. Då undergrev vi tilliten.

I august skal kommunestyret komme med si tilråding til korleis vi skal lønne vår lokale folkevalde i neste periode. Det ser ut til at dei fleste partia ønsker å auke godtgjerdslene. Er det rett medisin mot mistillit?