Ope brev til ordføraren i Bremanger:

Om å ta vare på gamle tre

For eit par år sidan laga eg ei amatørmessig oversikt i eit hefte over store tre på Davik. Eg konsentrerte meg spesielt om dei til dels gamle, vakre trea som vi har mange av i bygda.

Desse trea står både på privat og kommunal eigedom. Etter å ha studert boka til  professor Anne Sverdrup-Thygeson, «Skogen», (Kagge Forlag 2023), ser eg at verdien desse digre organismane har for naturen, er større enn eg først trudde. Dei opprettheld svært mange store og små økologiske samfunn som er vesentlege for ein livskraftig natur.

Dessutan er trea med på å forme biletet av bygda dei veks i. Eit gamalt tre kan vere heimen til opp til tjuefemtusen småkryp, hevdar professoren, tre som alle er viktige delar av naturen sitt samansette puslespel. Trea er og viktige for mange fuglar, både som heim, skjulestad og som matfat.

Det tek opp til fleire hundre år for ein slik organisme å vekse seg stor og frodig. Dei kan leve mange gonger så lenge som oss menneske.  At slike tre brått skulle verte offer for ei motorsag, må difor hindrast. Det er å fjerne viktige naturorganismar som ikkje lett eller raskt let seg erstatte eller byggje opp att. Det må i dag og vere eit samfunnsansvar å syte for at flest mogeleg av dei kan leve.

Det var med stor glede eg her eit år såg at private brukte fagfolk, truleg arboristar, til å pleie det store treet dei har på sin eigedom. For det kan vere naudsynt å skjere bort greiner, tynne ut eller t.d. fjerne skadde delar av slike gamle tre for å halde dei friske, vakre og levande i mange nye år.

Skal framtidige generasjonar få oppleve store og gamle tre, bør det vere eit mål å ta vare på dei i heile kommunen, der dei finnast. Dette kan vere tre som står på gardsbruk, i hagar, på offentleg grunn eller i utmark. Finst det urskog og anna verdifull naturskog, må den og vernast.

Eg har ikkje oversikt over kvar i kommunen slike gamle og store tre står, men eg ser dei finst enno i mange bygder og i utmark.

I Davik-området har eg m.a. registrert følgjande typar eldre/store tre:

Lind, bøk, blodbøk, alm, eik, gran, furu, ask, lønn og hestekastanje.

Eg meiner difor kommunen bør å lage ei oversikt over verneverdige tre og ta eit initiativ til å hindre at slike tre ikkje berre kan sagast ned utan at det vert gitt løyve til det etter ei fagleg vurdering.

Kanskje kan barn og unge og vere med på ei slik kartlegging.