Vindkraft og politisk spel

Eg seier framleis ja til vindkraft og det var med forundring eg fann at Bremangerlandet vindpark er teke ut av arealplanen til Bremanger kommune.

I Firdaposten 23. mars kunne ein lese at det var vurdert å stille som vilkår at ingen andre enn SFE fekk bygge ut og reservere seg for eventuelle nye søkarar.

Men det var ikkje godt nok for enkelte; byggjeområde for Bremangerlandet vindpark er ikkje vidareført i arealplanen i 3. gongs offentleg høyring. Grunngjevinga: byggefristen for Bremangerlandet vindpark er ute, og det er politisk motstand mot etableringa.

Politisk motstand ja, men det vert kjempa både for og mot vindkraft. Jamfør meg kjent, er det minst like stort engasjement for! Her er det snakk om kven som møter og tør seie kva dei meiner.

Det vert hevda at fylkeskommunen ber om at arealet til Bremangerlandet vindpark førast tilbake til LNF-område. Dette finn eg svært underleg at fylkeskommunen har foreslått. I og med at saka ikkje er endeleg avklara, er ikkje konsesjonen utgått. Eg er svært skuffa når eg ser korleis Venstre har opptredd i saka.

På nasjonalt plan har dei vore blant dei positive til vindkraft og unge Venstre er veldig engasjert for. I denne saka har røyster i Venstre lokalt skodd seg godt på vegner av grunneigarane i Dalen/Oldeide, som ynskte å tene noko på eigedommane og samtidig bidra samfunnsnyttig. SFE har heile tida vore interessert i å få eit bra prosjekt for alle partar. Venstre/Ap har sett at det viktigaste er å vere gode «vêrhanar», det er det som gjev stemmer.

Ut frå sosiale medium ser ein korleis vinden bles og legg opp strategien deretter. For kva er vel meir samlande enn å la misunninga flyte fritt; i ytre er det viktig at det er dei rette folka som tener pengar, og dei bur ikkje i Dalen/Oldeide. Som enkelte har sagt; «Kva f. n skal de j ... a grunneigarar med pengane».

Lokalt har altså Venstre gått mot vindkraft, og gjorde eit godt val i 2019. Det gav nok ekstra merksemd hos leiinga i Oslo. I ytre har det vore jobba svært aktivt for å stoppe BVAS, med Jørund Nygård i front på nei-sida.

For han har miljøet vorte særs viktig, særleg i ytre, der turisme er det folk skal leve av. Etter valet fekk Jørund Nygård med fleire, møte statssekretær Atle Hamar. Spørsmålet var korleis stoppe BVAS? Oppskrifta frå Atle Hamar var klar: Det er enklare politisk frå regjeringa si side at konsesjonen får løpe ut utan realisering, enn at den blir trekt. Ei trekking kan medføre oreigningsplikt og gje nasjonal presedens. Saka vart lagt fram som at det var politisk fleirtal mot utbygging. Noko eg vil seie er lempeleg handsaming av fakta. Det var framheva kor viktig det var at området er regulert til LNF-føremål, noko som ville vere av betydning i behandlinga i OED.

I denne saka har eg verkeleg sett kor mykje som vert avtalt på bakrommet. Men er kommunen like oppsett på å redde natur i indre delar av kommunen?

Det var ikkje dei store protestane mot vindkraftanlegga på Hennøy og Guleslettene.

Og lite snakk om naturvern frå ytre når det er snakk om masselager og utskipingsområde for steinbrot eller hydrogenfabrikk. Men dette er i indre delar og det ser dei ikkje ifrå stova i ytre og då er det ikkje noko problem.

Samla sett opnar arealplanen for inntil 131 fritidsbustadar, ein hovuddel av desse er tenkt å vere i ytre. Så når det gjeld bruk av areal til fritidsbustadar er altså ikkje dette noko problem for folk i ytre.

Det er med interesse eg ser at fokuset på redusert utbygging av fritidseigedom ikkje har nådd ytre delar av kommunen. Indre ser ut til å ha eit meir edrueleg syn. Nå skal jo ytre leve av turisme, så kan indre ta seg av industri og anna som ein helst ikkje vil ha i nærleiken. Det vert hevda at kommunar ikkje har noko dei skulle ha sagt i vindkraftsaker.

Bremanger er i vert fall kroneksempelet på korleis køyre over næringsliv, her SFE, som eg vil hevde vil kommunen det beste. Og gruppa mot vindkraft er skikkeleg stolte over at politikarane har guts til å stå i mot inntekter kommunen treng.

Med denne bakgrunnen er det interessant å lese i Fjordenes Tidende 13. juni; nok ein gong er det inntekter knytt til kraft og skatt på bruk av naturressursar som bergar Bremanger-økonomien og det blir tøffare i åra som kjem grunna demografiutfordringa til Bremanger kommune.

Og kommunen får stadig fleire eldre som andel av befolkninga.

Eg vil seie lukke til! Eg håpar fleire av grunneigarane som ikkje får disponere over eigen grunn finn ein annan kommune å skatte til og nyt Bremanger slik det skal gjerast; som turistar på ferie.