Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 17. april.

«Det er viktig at born får hjelp når livet blir vanskeleg»

I Nordfjord har kommunane Selje, Eid, Stryn og Gloppen etablert eit interkommunalt samarbeid om beredskap i barnevernet. Oppstår det ein situasjon der barn treng hjelp utanom kontortid, så kan dei kome i kontakt med fagfolk som kan bidra til at barn som treng hjelp, får det så raskt som mogleg utan å måtte vente til det kommunale barnevernskontoret opnar neste dag. Fagleiar Jorunn Breitveit i Selje trur at dette samarbeidet vil gje eit betre tilbod til innbyggarane. Barn er ei sårbar gruppe når det oppstår vanskelege situasjonar. Då er det godt å vite at det alltid er nokon på vakt som kan ta affære raskt om det er nødvendig.

Utfordrande situasjonar som ofte går ut over den uskuldige part, borna, kan også oppstå på kveld, natt og i helgar. Enkelte barn opplever omsorgssvikt og foreldre og føresette som ikkje er i stand til å ta vare på dei. Mange barn blir merkte for livet av negative hendingar, overgrep og omsorgssvikt. Difor er det viktig at det finst eit apparat som kan handle raskt og sette i verk tiltak for barn. Barnevernskontora arbeider med alt frå mottak av bekymringsmeldingar, undersøkingssaker, hjelpetiltak og omsorgsplasseringar.

Det er fint at ein kan samarbeide om slike prosjekt over kommunegrenser, slik at ei sårbar og utsett gruppe veit at dei alltid kan komme fram til ein vakttelefon der det er fagpersonar som kan handle raskt. Og ikkje minst kan eit slikt samarbeid føre til at tilsette i barnevernet i ulike kommunar kan halde ut lengre i jobben når dei ikkje blir kontakta privat på fritida når nokon treng hjelp. Barnevernet har bruk for stabile fagfolk som har kompetanse og gode lokalkunnskapar, og som kan vere ein del av eit større fagmiljø. Og ikkje minst så må barn og familiar som treng hjelp få det raskt.