Gjennomslag for elevane i distriktet

Å flytte heimanfrå som 16-åring kan vere krevjande. I Vestland bur det 3.870 ungdommar på hybel for å kunne gå på vidaregåande skule. Sogn og Fjordane er den regionen med størst andel hybelelevar i heile landet.

Difor betyr det noko kva politikk som blir gjennomført for desse elevane. I det siste tiåret har utviklinga vore laber. Medan leve- og leigekostnadane auka stadig meir satt Høgre-regjeringa bortebuarstipendet til 4.700 kr pr månad.

No er det nye takter. Frå og med i haust blir stipendet 6.700 kroner per månad. Dette er eit gjennomslag vi har jobba mykje med, og som er positivt for både elevar og foreldre i distrikta. Prinsippet om gratis utdanning skal også gjelde elevane som bur på hybel.

Som andre ungdommar under 18 år må foreldra framleis stå for utgifter til mat, klede og moro, men når elevar får ei ekstra økonomiske byrde ved å måtte flytte heimanfrå for å gå på skule, så er det viktig at fellesskapet stiller opp.

Vi meiner nasjonalpolitikken må spele på lag med ungdommen som flyttar på hybel. Derfor er løftet på 2.000 kroner i månaden både rett og rimeleg. Dette er eit gjennomslag for elevane i distriktet.