Kva tenkjer Bremanger kommune på?

Det er stor aktivitet rundt Hornelen, med fleire og fleire turistar frå inn- og utland som vil oppleve den flotte naturen eller som vil ha guide på Hornelen Via Ferrata. Det skal bli nasjonalparkområde og turistane skryt av utsikta. Utsikta er formidabel til alle kantar, ikkje minst nordover til Rugsundøya og Nordfjorden.

Kva i all verda tenkjer då Bremanger kommune når dei no jobbar med å få ein søppelplass/container-gjenbruksstasjon midt i syninga frå Hornelen? Argumentet er at Bremanger ønskjer å gå frå to til éin bossplass og at ei lokalisering midt i kommunen vil vere best. Bør ein ikkje då tenkje seg om? Frå Hamnen og inn til Rugsundbrua er indrefileten i Skatestraumen. Det er her idyllen er.

Ein slik bossplass bør liggje langt frå folk sine hus. Det er mangel på respekt for dei fastbuande på Rugsundøya å gå i gang med eit slikt prosjekt. Det er ikkje så mange fastbuande, men jammen finst dei, og det er hyttefolk i området. Bremanger kommune har store areal på fastlandet, burde ikkje dette anlegget leggast oppe i ein avsidesliggande dal, til dømes der den store trafostasjonen i Ålfotedalen ligg. Då er den ikkje til sjenanse for nokon og naturidyllen kan ivaretakast i Skatestraumen.

Det er eit poeng at innbyggjarane skal sleppe å køyre altfor langt for å levere boss, men dei fleste innbyggjarane bur i Svelgen. Og kvar skal dei store containerane bringast vidare? Dei må vel fraktast innover til fastlandet igjen. Det har også vore nemnd at det ikkje er så gunstig med ein bossplass innanfor Bortnetunnelen, då avstanden til reservevasskjelda for Svelgen angiveleg er for liten. Men kva med vegen som går rett forbi desse vasskjeldene, det kan skje ulykke når som helst på svingete vegar, dessutan skal det vel ikkje vere noko utslepp frå ein containerstasjon. Det er vel ikkje ein slamomlastingsstasjon det er snakk om no, eller? Dette prøvde kommunen å etablere på same staden for nokre år sidan, men Statsforvaltaren stoppa arbeidet i tide.

Til no har ikkje naboane fått noko nabovarsel om det som er i ferd med å skje. Ein må lese i avisa eller henge med på kommunale planar om ein skal få informasjon. Formannskapet har samla seg om kommunedirektøren sitt framlegg om å starte detaljregulering. Dei bør reise på synfaring før dei bestemmer seg.

Burde ikkje Bremanger kommune spare Skatestraumen til turistføremål? Det har vore snakk om camping og nokre grunneigarane ønskjer å få til eit hyttefelt for å skape meir liv i bygda. Alt dette blir umogleg dersom kommunen no øydelegg naturen med eit gigantisk bossanlegg.

Den feira Tusenårsstaden for Bremanger kommune ligg til og med i Skatestraumen, berre litt lenger inn på Rugsundøya. Her bør ein halde seg til ein heilskapleg plan for området og ikkje øydeleggje dei historiske verdiane.

Vi oppmodar kommunestyret, kommunedirektør og ordførar om å ta ansvar for det fantastiske naturlandskapet som Skatestraumen utgjer. Ny stasjon må byggast, men ikkje i Skatestraumen, flytt det opp i ein dal, langt unna busetnad og ikkje midt i siktelinja frå Hornelen.