Senterpartiet si økonomiske løysing

I Fjordabladet for 12. mai fortalte ordførarkandidaten til Sp, Sigurd Reksnes, korleis Senterpartiet skulle løyse Stad kommune si økonomiske krise.

Rapporten om skule- og barnehagar i Stad var ikkje sjokkerande eller overraskande. Ei slik kraftig endring vil ikkje skape noko positiv samfunnsutvikling, seier Reksnes til Fjordabladet.

Med dei posisjonar Reksnes har i Sp sentralt, og det han har lært av sin partileiar Vedum, er eg ikkje overraska over hans haldningar. Målet til Vedum er at ingen ting skal endrast og alt skal vere som før.

Stad kommune er i ein økonomisk situasjon der det er heilt nødvendig å tenke nytt og bygge strukturar som gjev innbyggjarane gode tenester. Det er ei kjensgjerning at det vert fleire og fleire eldre i kommunen, og at elevtala i skulen går ned. Dersom Reksnes og hans partikollegaer tviheld på gamal skulestruktur i Stad kommune, så vil dette i all vesentleg grad gå ut over dei eldre i kommunen. Det har vore endringar i skulestrukturen i gamle Eid og Selje kommune før. Bygdene har ikkje blitt lagt ned fordi om desse skulane forsvann.

Fakta er at om skular vert slått saman, vil ungane fortsatt få den opplæring dei har krav på, og i mange tilfelle betre. Dette fordi at då er det utdanna lærarar som er i skulerommet, og ikkje assistentar.

Dersom Reksnes og Sp kjem til makta i Stad kommune, og held på alle sine gamle tankar om strukturar, så vert det ikkje enkelt å verte gamal i Stad kommune. Då vil ein oppleve at dei eldre i kommunen vert sittande heime i eigen bustad eller tilrettelagde bustadar, der det er teknologi og ikkje helsepersonell som styrer kvardagen deira, men stort sett berre einsemd.

Skal vi få ei god omsorg i framtida må det brukast nødvendige midlar til drift og investeringar. Dersom vi ikkje gjer dette no, kjem det til å gå slik at ein ikkje greier å skaffe nødvendige fagfolk innan helse og omsorg.

Som pensjonist forlangar eg at Reksnes kjem til Selje og fortel oss pensjonistane korleis Sp har tenkt å priortere, dersom all kutt av kommunale midlar skal skje innan helse og omsorg.

Det er dessverre resultatet av Reksnes og Sp si haldning om at alt skal vere som før for skulesektoren.