Deltaking eller ikkje deltaking av Fagforbundets hovedtillitsvalde, vedrørande BDO sin rapport om Kinn kommune

Det har vore mykje snakk om deltaking eller ikkje deltaking av Fagforbundets hovedtillitsvalde, vedrørande BDO sin rapport om Kinn kommune.

Eg forstår kvifor mange reagerer på at at hovedtillitsvald Heidi Rønhovde ikkje vart kalla inn til intervju. Eg forstår òg at det sikkert er mange som ikkje «stolar» på at eg, som hovetillitsvald for Florø-delen, snakkar Vågsøy-tilsette si sak.

Som deltakar i intervjuet med BDO var eg der for å belyse temaer knytt oppimot det vi som hovedtillitsvalde har erfart og jobba med, før og etter at vi vart Kinn kommune. Kva eg som innbyggar av søre Kinn meiner, var og er irrelevant.

Ser i Firdaposten at FjT har stilt Kommunedirektøren spørsmålet “Hvis svarene kommer fra hovedtillutsvalgt i Florø-delen av kommunen, kan ikke dette gi en skjevhet i analysen?”

Til det har eg lyst å seie; eg håper og trur at alle vi hovedtillitsvalde som vart intervjua klarte å vere profesjonelle og objektive. Som hovedtillitsvald i Kinn kommune innehar ein mykje kunnskap om drifta av kommunen, både det som er bra og det som er mindre bra. Sjølv om 4 av 5 av oss, som deltok i intervjuet, bur i Florø, er vi tillitsvalde for tilsette i heile Kinn kommune. Hovedtillitsvald for NSF, bur og jobber i Vågsøy, men er òg tillitsvald for NSF-medlemmar i Florø.

Vi som hovedtillitsvalde i Fagforbundet Florø har eit tett og godt samarbeid med hovedtillitsvald, Heidi Rønhovde, i Vågsøy. Vi har ukentlege møte der vi oppdaterer kvarandre om kva som skjer i nord og i sør. Der vi forbereder og samkjører oss til møte med arbeidsgjevar. Vi deltar, som regel, alltid i lag på møte i dei tenestane nord og sør har felles leiar. I tillegg har vi hyppige teamsmøte og telefonsamtaler for å drøfte oss imellom. Fordi vi deler og drøfter oss imellom har har vi opparbeida oss kunnskap om heile kommunen. Dette er noko som har vore viktig for oss, sjølv om vi er 2 fagforeninger i ein og same kommune.

Som tillitsvald synes eg at prosessen vi no er i, er vanskelig. Tida har ikkje «strekt til». Ideelt sett skulle eg ønske at eg hadde hatt tid til å drøfta spørsmålene med både styret og plasstillitsvalde. Eg var heller ikkje klar over at Rønhovde ikkje var kalla inn til intervju før eg oppdaga det ved ein tilfeldighet 2 dagar før intervjuet var avhelde.

Eg har i alle fall gjort mitt beste for å belyse, til BDO, både det ein har fått til, det ein ikkje har fått til og det ein må jobbe meir med. Eg har ikkje lagt skjul på utfordringar, verken i Florø eller Vågsøy, eg har heller ikkje lagt skjul på det som har gått bra. På bakgrunn av min kompetanse som hovedtillitsvald, meiner eg å ha svart BDO på ein objektiv og profesjonell måte.

Det som er viktigast, er at innbyggarane i Kinn Kommune får best mogeleg grunnlag til å vurdere om ein ynskjer deling eller ikkje deling av kommunen. Argumenter for og i mot deling må debatterast. BDO rapporten får ein ikkje gjort noko meir med.

Godt val.