Innspel opplæringstilbod Nordfjord

Dette innspelet er også sendt til Vestland fylkeskommune.

Teknologi og industrifag har nasjonalt hatt sterk auke i søkjartala og er i tillegg nemnt som ei av dei fem viktigaste utdanningsprogramma som det er ynskjeleg å ha i alle inntaksområde. Eid vgs. har gode skottsmål å syne til, med moderne utstyr og god gjennomføringsgrad hjå elevane. Med plassering av alle elevar ut i lære hjå lokale bedrifter er dette ein god tradisjon å bygge vidare på. Ifølgje Nordfjord Opplæringskontor er det i år lyst ut over 50 lærlingplassar innan feltet, og ein har allereie utfordring med å fylle desse. For å sikre framtida til lokal industri er det viktig å ha gode desentraliserte utdanningstilbod.

Eid vgs. har gode søkartal til vg1 teknologi og industrifag, og det vil truleg bli igangsett to klasser. Mange av desse vil truleg ynskje å gå vidare til vg2 industriteknologi neste år. Historisk sett har det gjerne vore slik at om eit skuletilbod blir lagt ned har det negative konsekvensar i fleire år etterpå for kor mange som søkjer. Forslaget som administrasjonen har lagt fram vil truleg gje færre søkarar til industriteknologi framover og påføre industrien vår endå større utfordringar med rekruttering.

Med elevane frå Møre og Romsdal har ein ved Eid vgs. dekka 8 av 15 plassar. Over halvparten av klassa er allereie fylt. Truleg vil det vere fleire som har dette som andreval – noko som ikkje kjem tydeleg fram i rapporten, som kan føre til at ein har fleire elevar klar ved skulestart i haust.

Talgrunnlaget syner at ein med desse forslaga vil måtte auke opp kapasiteten i Bergens-området, medan godt utstyrte klasserom, som til dømes ved Eid vgs., vert ståande tomme. Dette er verken god eller lønnsam politikk. Det grøne skifte, digitalisering og teknologiutvikling gjer at nettopp denne linja er særs viktig no, og også i åra som kjem. Vi treng å bevare og auke kompetansen på dette feltet i Nordfjord.

Å redusere velfungerande tilbod i distrikta, for å auke i sentrale strøk er ikkje samsvarande med god senterpartipolitikk. Vi i Stad Senterparti ynskjer at Vestland fylkeskommune skal sjå heilskapen i regionane, og bygge opp under gode, desentraliserte tilbod. Det er særs viktig kunne tilby utdanning og kompetanseutvikling i nærmiljøet, som igjen kan stimulere til at folk vert buande i distrikta.

Stad Senterparti oppfordrar på det sterkaste at tilbodet på Vg2 Industriteknologi blir sett i gong på Eid vidaregåande skule hausten 2024.