Denne sommaren, frå og med veke 26 til og med veke 32, vil vi i Fjordenes Tidende samle oss om å gje ut éi god og fyldig papirutgåve på onsdagar i staden for to papiraviser tysdag og fredag.

Først vekesavis kjem onsdag 28. juni. Og tysdag 15. august er vi tilbake med papiravis på tysdagar og fredagar igjen.

Vi veit at fleire av lesarane våre set stor pris på papirutgåva til Fjordenes Tidende. Det er vi glade for, og vi skal halde fram med å gje dykk dette høgdepunktet. Totalt sett vil de få eit like godt produkt og like mange nyheiter som før i ei ekstra fyldig og innhaldsrik papirutgåve i veka.

Så må de også hugse på at nettavisa vår, fjt.no, sjølvsagt vil vere der det skjer når det skjer, og servere nyheiter praktisk talt heile døgnet kvar dag heile året.

Det er fleire årsaker til at vi gjer dette grepet med papiravisa i sommar. Vi skal vere så ærlege at vi innrømmer at det i våre dagar er ressurskrevjande å produsere ei papiravis. Det kostar både i kroner, tilsette og arbeidstid. Det har blitt endå dyrare med både papir, trykking og distribusjon, og vi får heller ikkje så god distribusjonshjelp når Posten stadig reduserer tal dagar med postombering.

Det er også ei kjensgjerning at ein har noko lågare bemanning i sommarvekene, og ved å gje ut ei fyldig papirutgåve i veka, framfor to mindre utgåver, vil Fjordenes Tidende frigjere ressursar til å lage både ei endå betre papiravis og ei endå betre nettavis. Vi vil kunne lage fleire redaksjonelle saker og utføre meir god lokal journalistikk.

Dette tenker vi både lesarar og annonsørar vil dra nytte av, både på fjt.no og i papiravisa. Og den papiravisa du får i handa i sommar skal framleis vere sånn du kjenner den, med viktige nyheiter, kultur og sport, reportasjar og hyggelege møte med folk – og ikkje minst kryssord og Det spørst.

I Fjordenes Tidende gjer vi ei mellombels endring i sommar, og vil vere tilbake med to papirutgåver i veka frå og med veke 33. Fleire mediehus rundt oss har den siste tida varsla at dei vil gjere endelege reduksjonar i papirfrekvens. Det kjem også som ein konsekvens av at folk les aviser på ein annan måte. De lesarar blir meir og meir digitale, og det må vi ta innover oss.

Vi i Fjordenes Tidende held derfor fram med vår digitale satsing, og vil også i sommar vere oppdatert med rykande ferske nyheiter på fjt.no.

Treng du hjelp til å bli digital, ring oss eller stikk ein tur innom!