Du les no ein leiarartikkel som uttrykker Fjordenes Tidende si meining.

Påska er ei tid med både tradisjonar og forventningar. Kvar enkelt av oss har si oppfatning av kva som er ei god påske. Nokon reiser til fjells, og andre reiser til havs. Andre tykkjer det beste med påska er at det er ei langhelg der ein berre kan slappe av. Ikkje alle har noko forhold til påskehelga eller feirar påske. Vi har ulike forventingar og tradisjonar knytt til påska.

I påska, i helger og andre periodar når mange har fri frå jobb og skule, er det også alltid nokon som er på jobb slik at andre kan ha ei god fritid. Slik som samfunnet vårt er bygd opp stiller vi opp for kvarandre, og byter på å ta vår tørn. Gjennom pandemien vart det veldig synleg at vi som samfunn er avhengige av alle yrkesgrupper. Alle har ei viktig rolle for å få samfunnet til å gå rundt.

Når vi ferdast på fjellet eller på sjøen, er det nokon som står i beredskap for oss om uhellet er ute. Det er trygt og godt å vite at uansett kvar ein er, vil nokon gjere dei kan kome å kome fram for å hjelpe oss. Ei oppmoding til oss alle er å ikkje utsette oss sjølve eller andre for unødig fare, slik at dei som står i beredskap ikkje brukar seg opp. Fjellvettreglane og sjøvettreglane er til for å følgast.

For nokon er påska ei tid der familien og vener samlar seg. Ungdommar kjem heim på påskeferie, småbarnsfamiliar reiser til besteforeldra og vener reiser på besøk til kvarandre. Fleire har tradisjonar som no har stått på vent i to år på grunn av pandemi. Då er det fint å igjen kunne få det som nokon vil kalle ei normal påske. Ikkje alle har familie å vere saman med. Det vil seie at å vere åleine også er ei normal påske.

Nokon likar best å vere åleine, men det er fleire som heilt sikkert hadde blitt glad for å bli inkludert i eit fellesskap. Dette er like aktuelt gjennom heile året. Ta godt vare på kvarandre!